...
Foto: Bent Are Iversen

Fjerna studentrabatten

Ei diskriminering av både studentar og distriktet, meiner fylkesleiar i AUF, Torbjørn Vereide.

Simon F. Solheim
Simon F. Solheim Profil E-post
Janne G. Sørgulen
Janne G. Sørgulen Profil E-post
Publisert 28.07.2009 kl 09:24 Oppdatert 28.07.2009 kl 09:53

Tips ein venn på e-post:

...
NIKS MAT HOS WIDERØE: Du må sjå langt etter frukosten på Widerøe-flya i Sogn og Fjordane. Foto: Arne Stubhaug
...
Tørbjørn Vereide, AUF Foto: Svein Heggheim

FLY

Kven vil du fly med?

Danish Air Transport (DAT)
Widerøe
Bryr meg ikkje
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 250

FLYPLASS

Er det naudsynt med fire flyplassar i Sogn og Fjordane?

Ja, vi treng alle fire.
Nei, vi har for mange.
Nei, vi treng berre to.
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 269


15. juli fjerna flyselskapet Widerøe studentbilletten. Igjen står ein ungdomsbillett for dei mellom 12 og 25 år. Er du eldre, må du ty til vaksenbillett. Det skriv Firda i dag.

Les også:

– Eit sugerøyr

– Dette råkar studentar som i utgangspunktet har dårleg betalte deltidsjobbar og lite pengar. Ved dette kuttet set Widerøe eit sugerøyr i studentlommeboka, seier Torbjørn Vereide i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF).

Han karakteriserer billettfjerninga som diskriminering.

Diskriminerer

– Fordi Widerøe har flyavgangar ved små stader i fylket, råkar dette hovudsakleg distrikta. I tillegg råkar dette studentar, som bur langt heimefrå og er avhengig av å reise for å sjå venner og familie, seier fylkesleiaren.

Vereide er redd for at kuttet kan gje uheldige ringverknader.

– Dette er eit mottiltak når det er snakk om å få folk til å ta høgare utdanning, der dei må reise lengre avstandar.

Oppfordrar til protest

Vereide, som sjølv vert student til hausten, oppfordrar dei som kan om å velje DAT i Florø, framfor Widerøe i Førde.

– Når Widerøe vel vekk studentane, må dei rekne med at studentane vel vekk Widerøe.

– Men planlegg ein i god tid, er det ikkje snakk om store skilnader?

– Nokre har heilt klart sjansen til å planleggje nokre veker i førevegen. Men med deltidsjobbar der ein gjerne jobbar i helgane, kan det ofte vere vanskeleg å planleggje, meiner ungdomspolitikaren.

AUF ønskjer å setje saka på dagsorden, og håpar hovudpartiet vil støtte dei for å få tilbake studentbilletten.

Tilbake til start

Sjef for Danish Air Transport (DAT) meiner priskuttet til Widerøe gjer at det danske selskapet no er tilbake der dei starta:

– For seks år sidan starta Danish Air Transport (DAT) som einaste regionale fly med låge prisar. No er vi der igjen, seier DAT-sjef Jesper Rungholm og held fram:

– Vi har ingen planar om å heve prisane våre.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.