Isabella Martinsen gav eiga vêrmelding til nordfjordfestivalen.
Midt under vêret klokka 18.30 på TV2, avbraut vermeldaren Isabella Martinsen den vanlege sendinga.
- I morgon startar Malakoff-festivalen, og her er ei vêrmelding kun for dykk, seier Martinsen framfor ein plakat av Nordfjordeid, og gir festivalgjengarane vêret på sølvfat.
Malakoff varar i to dagar, med oppstart fredag og avslutting laurdag.
Sjølve festivaldagane vert det overskya, 19 grader og litt regn. Vêrmeldaren kunne avsløre at sola først dukkar opp på Eid søndag.