Har selt 1500 fleire festivalpass enn i fjor

– Dette ser lovande ut, seier Malakoff-festivalsjefen.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 23.07.2009 kl 13:39 Oppdatert 23.07.2009 kl 13:48

Tips ein venn på e-post:

...
Biletet er frå Turboneger sin konsert under Malakoff i 2006. Foto: Anita Jordanger

Festivalsjef for Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid, Arnt-Ivar Naustdal, gler seg ikkje berre over noko lunde vêrmelding for helga, men også at festivalen har selt 1500 fleire festivalpass samanlikna med same tid i fjor.

– I fjor på denne tid hadde vi selt 1000 festivalpass, men no er vi oppe i 2500 selde. Samt kring 400 enkeltbillettar til saman. Det gir oss sjølvsagt ein tryggleik, seier han.

Går uansett vêr

Naustdal trur dette skuldast at folk synest heile festivalen er interessant, og ikkje berre dei største banda. Samt at folk har bestemt seg for å gå uansett vêr.

Han seier at dei som han har møtt på i Eid, framleis ikkje har kjøpt billett, og satsar på å kjøpe i døra.

10 000 i fjor

– I fjor hadde vi kring 10 000 folk innom dørene, så det er ikkje slik at vi satsar på å bli større. Vi ønskjer å ta godt vare på dei vi har, stadfestar festivalsjefen.

For no er, ifølgje Naustdal, hotella fullbooka, men der er framleis plass på campingen og i hytter.

– Og høgdepunktet vert?

– Det å sjå folk glede ser over banda når dei går på scena. Skal eg nemne nokon artistar, er jo Kaizers Orchestra og Turboneger noko av det største vi har innan norsk rock, seier han.

Fleire utanfrå fylket

Noko som har endra seg den siste tida er fleire besøkjande frå utanfor fylket.

– Folk kjem frå Bergen, Ålesund og andre stader i landet til Malakoff i større grad enn tidlegare. For eksempel svenske Ulf Lundell er populær, seier Arnt-Ivar Naustdal til firda.no.

Her er heile festivaloversikta til Malakoff 2009.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.