...
SANDE DANSEFESTIVAL: Betalar du med ekte pengar, får du leikepengar som veksel. Foto: Simon F. Solheim

Leikepengar på festival

Handlar du på Sande Dansefestival og betalar med ekte pengar, får du leikepengar som veksel.

Janne G. Sørgulen
Janne G. Sørgulen Profil E-post
Publisert 21.07.2009 kl 10:52 Oppdatert 21.07.2009 kl 12:28

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Simon F. Solheim
...
KRITISK: Geir A. Midtgaar Foto: Privat

Sande Dansefestival 2009

...

Det skriv avisa Firda i dag.

Utflytta måløyværing, Geir A. Midtgaard, reagerer sterkt på pengesystemet som Sande dansefestival brukar.

– Eg betalte ein hundrelapp for vin til 60 kroner, og fekk att 40 «tullepengar», og beskjed om at dei kunne vekslast tilbake på eit anna kontor, seier A. Midtgaard.

Informerte politiet

Dette er ein måte å tene pengar frå fulle folk, meiner han.

– Arrangøren satsar på at folk ikkje hugsar å veksle tilbake pengane. Systemet gjer at dei får harde kontantar inn, seier Midtgaard.

Då festivaldeltakaren karakteriserte systemet som svindel og på grensa til det ulovlege, fekk han beskjed av vekslingskontoret om å kontakte lensmannen. Og det gjorde han.

– Eg informerte politiet om at dansefestivalen brukar leikepengar. Men kva dei gjer med saka, er ein annan ting, seier måløyværingen.

– Kjem alltid attende

Arrangør, Per Kapstad, grunngir pengebruken med at festivalen vil unngå store mengder kontantar på området.

– «Danseskillingen» kan vekslast inn på Sande heile året, og har difor verdi heile året og held fram:

– Ein bong er derimot verdilaus etter festivalen. Her kan ein bruke danseskilling frå fire år tilbake, argumenterer han.

– Kva med dei som gløymer å veksle, og heller ikkje har tenkt seg tilbake?

– Har dei først vore på festivalen, kjem dei nok attende, seier Kapstad.

Deltakaren er derimot ikkje overtydd:

– Eg kjem ikkje til å gå på dansefestivalen fleire gongar. Det er i alle fall sikkert, avsluttar han.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.