Vann to millionar

Ein telefon frå Norsk tipping gjorde Jorunn Helen Totland frå Raudeberg to millionar kroner rikare.

Janne G. Sørgulen
Janne G. Sørgulen Profil E-post
Publisert 19.07.2009 kl 17:24 Oppdatert 19.07.2009 kl 17:24

Tips ein venn på e-post:

...
Illustrasjonsfoto. Foto: Steinar Schjetne, ANB

Då ho plukka opp røyret og høyrde Norsk Tipping i andre enden, trudde ho ikkje sine eigne øyre:

– Nei no må du gi deg, dette veit eg ikkje om eg toler, var den umiddelbare reaksjonen til Totland.

Pengar til studiereise
Ifølgje ei pressemelding frå Norsk Tipping, veit den nybakte millionæren godt kva ho skal bruke pengane på:

– No skal eg hjelpe dottera mi som går på filosofistudiar. Ho skal til Aten på studietur, så dette vert moro for ho. Eg er så glad på hennar vegner. Eg skal òg kjøpe ny sofa, seier ho.

Var på ferie
Det var førstegevinsten på laurdag måløykvinna stakk av med. Ho var på ferie då den glade bodskapen kom over telefonlinja.

– Dette er den herlegaste beskjeden eg nokon gong har fått i løpet av ein ferie, seier ho og ler.

Ettersom Norsk Tipping ikkje fekk tak i vinnaren laurdag, var det ei datamaskin som sørgde for at Jokeren dukka opp på tv-skjermen.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.