...
Foto: Janne G. Sørgulen

Skjærgårdfyll i Askvoll

Oppga falsk identitet, åtak på vakt og slåstkampar.

Janne G. Sørgulen
Janne G. Sørgulen Profil E-post
Publisert 19.07.2009 kl 09:35 Oppdatert 19.07.2009 kl 12:33

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Janne G. Sørgulen

Skjærgårdstreff 2009 i Askvoll sørgde for at politiet måtte rykkje ut fleire gongar i løpet av laurdagskvelden.

Oppga falsk identitet
I halv eit-tida natt til søndag tok politiet kontakt med ein overstadig rusa ungdom. Guten skal ha oppgitt falsk identitet, og prøvde å stikke av frå politiet.

Politiet innhenta og fekk identifisert han. Ein bror av vedkomande sørgde for at han kom seg trygt heim.

Guten vert meldt for å ha oppgitt eit falsk identitet til politiet.

Åtak på vakt
Då klokka bikka halv to vart det meld om åtak på ei vakt utanfor Askvoll sjøbuer.

Vakta skal ha gjort forsøk på å skilje ein slåstkamp. Politiet kom til staden etter kort tid.

Feststøy
Ti minutt seinare vart det varsla om feststøy ved eit husvære i Askvoll. Politiet måtte gi fleire meldingar før festen vart avslutta.

Slo ut tann
Politiet fekk ein pust i bakken, då neste slåstkamp ikkje fann stad før klokka var halv fire.
To kompisar skal ha hamna i slåstkamp. Ein av dei fekk slått ut ei tann.

Slåstkampen var over då politiet kom til staden. Mennene skal ha komme til staden i same båt.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.