– Pengane skal gå tilbake til dei frivillige, seier leiar i Miljøgruppa Holsen IL.
Under jubileumsgallaen laurdag kveld vart dugnadsgruppa som kvart år har stilt som vakter under Førdefestivalen heidra av Sparebanken Vest i Førde. Med eit breitt smil kunne leiar Ane Birkeland ta i mot prisen.
– Denne summen skal gå tilbake til dei som har vore med i gruppa. Kva dette blir, får heller vere ein løyndom inntil vidare, seier Birkeland til Firda.
Blant 300 frivillige
– Vanlegvis er det unge talent som har utmerkt seg spesielt som får den årlege prisen. I år måtte desse vike plassen for dei frivillige. Dette passa godt i og med at det er 20 års jubileum, meiner banksjef Birger Olaf Nedberge.
Gruppa frå Holsen vart valt ut blant til saman 300 frivillige som jobbar under Førdefestivalen.
Engasjerer heile bygda
I grunngjevinga for tildelinga heiter det blant anna:
«Ein av dei mest trufaste dugnadsgruppene på festivalen, er Holsengruppa, som heilt sidan den første festivalen i 1990 har stilt som vakter og vore riggemannskap i Førdehuset. Kvart år har gruppa stilt med omtrent 40 mann. Gjennom dei 20 åra som har gått har dugnaden involvert nesten heile Holsen-bygda, og no er ein ny generasjon i ferd med å ta over. Denne gjengen har ei dugnadsånd det står stor respekt av og som mange kan misunne dei.»