Torsdag kom Einar Holsvik frå Gjensidigestiftelsen for å overrekke sjekken. – Dette er eit flott prosjekt. Vi er veldig glad i eldsjeler, seier Holsvik.
– Vi i Gjensidigestiftelsen støttar berre gode formål, der tryggleik og helse er to viktige stikkord. Dette er eit slikt prosjekt, seier distriktsansvarleg på Vestlandet, Einar Holsvik.
Stiftinga Bystien - Førde Byutvikling er godt nøgd med tilskotet.
– 750 000 kroner er ein stor sum, som det ikkje er sjølvsagt at vi skulle få.
Vi set veldig stor pris på det, seier leiar i stiftinga, John Helge Lunde og
styremedlem Odd Erik Gullaksen.
Kostnadsramma på prosjektet er 5-6 millionar kroner og all finansiering skjer
gjennom gåver og sponsormidlar.
– Etter planen skal bygginga setjast i gong i august, og om alt går slik det
skal, så skal Bystien stå ferdig til sommarfesten i juni 2010, seier Lunde.