Seks legar skal godkjennast neste veke.
I veka som kjem blir det såkalla utsjekk av legar som skal delta i drifta av redningshelikopteret i fylket. Det skal vere anestesilege tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Utsjekk består av teoretiske og praktiske oppgåver. Mellom annan skal legane ha utsjekk på havet der dei som eitt av punkta skal firast frå helikopteret ned til eit skip i vassflata.
Totalt ni legar
– Vi har tidlegare hatt tre legar gjennom utsjekken. Totalt er det ni legar som skal nyttast til den medisinske delen av redningshelikoptertenesta i fylket, seier avdelingssjef ved akuttmedisin, Olav Hesjedal.
Landar måndag
Redningshelikopteret skal etter planen lande ved Førde sentralsjukehus måndag føremiddag.
– På denne måten får vi også ei erfaring for korleis det er for eit stort helikopter å lande ved Førde sentralsjukehus. Det er nok noko meir støy med dette helikopteret enn det vi er vane med, presiserer Hesjedal.