Alle vil sykle Rallarvegen i sommar.
Frå 3. juli kan du sykle strekninga som av magasinet Reiser og Ferie er kåra til den beste sykkelruta i landet: Rallarvegen.
Stor pågang
Mange reknar turruta som den finaste i Norge. Vinnaren kom såleis ikkje som ei
overraskign for turistnæringa i Flåm.
- Det verkar som om alle vil sykle Rallarvegen i år. Telefonen kimar og mailboksen er full av førespurnader. "Når opnar Rallarvegen?" er spørsmålet som dei fleste stiller, seier Majken Lund Jensen, dagleg leiar av FjordOppleving til boarding.no
Må vente
Men er du interessert i å ta hjula fatt i sommar, må du inntil vidare smøre
deg med tolmod. Grunna skiftande vêr på Hardangervidda, vil heile ruta først
verte opna i byrjinga av juli. Før den tid, er berre nederste del av
Rallarvegen tilgjengeleg frå sykkelsetet.
Rallarvegen går langs Bergensbanen og strekkjer seg frå fjellet på Haugastøl via Finse, Hallingskeid, Myrdal og ned dalen til Flåm. Heile turen frå Haugastøl til Flåm er 82 kilometer lang.