Får kritikk for Facebook-bruk under fylkestinget

Fylkesvaraordførar Tor Bremer chatta om sokkesig midt under debatten i tinget.

Helge Johnsen
Helge Johnsen Profil E-post
Publisert 12.06.2009 kl 08:29 Oppdatert 12.06.2009 kl 08:41

Tips ein venn på e-post:

...
Fylkesvaraordførar Tor Bremer (t.h.) meiner Facebook i fylkestinget er komme for å bli. Foto: Helge Johnsen
...
Her er utdrag frå debatten om sokkesig som fylkesvaraordførar Tor Bremer starta midt under fylkestinget tysdag denne veka Foto: Klipp frå Facebook

Facebook på fylkestinget

Er det greitt at politikarane sit på Facebook og diskuterer sokkesig under fylkestinget?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 245


Aktiviteten spesielt Ap-gruppa hadde på Facebook under debattane i fylkestinget tysdag og onsdag denne veka var eit påfallande og omdiskutert trekk under tingseta.

- Respektlaust
I lange periodar sat representantar med blikket på laptopskjermen og kommuniserte med kvarandre og venner i fjern og nær på Facebook. Dette skjedde rett framfor talarstolen der andre representantar framførte sine innlegg.

- Respektlaust. Vi er faktisk på jobb som folkevalde, seier Mari Andrea Ness (Sp) til Firda. Ho reagerte kraftig på Facebook-bruken.

- Vitaliserande
Ap-gruppeleiar og varaordførar Tor Bremer er fullstendig usamd.

- Facebook vitaliserer og gjer at fylkestinget ikkje lenger lever under ei osteklokke. Via Facebook og Origo får vi inn innspel og kommentarar, og vi kan leggje ut synspunkt, innlegg og avrøystingsresultat før sakene er ferdig behandla. Facebook i fylkestinget er definitivt komme for å bli, seier Bremer.

Sokkar som sig
Men ikkje alt Bremer føretok seg på Facebook under fylkestinget denne veka handla om politikk.

Noko av det som fekk Mari Andrea Ness til å reagere, var at Bremer under tingdebatten sette seg til å skrive om at noko av det mest irriterande i livet er sokkar som sig på leggene, og oppmoda vennene sine til å kommentere.

Fjerna raskt
Denne diskusjonen starta Bremer medan fylkestinget debatterte talen til fylkesordføraren, og han fekk raskt svar frå andre i Ap-gruppa på tinget.

Straks etter Firda intervjua Bremer om Facebook-bruken torsdag føremiddag, blir sokkesig-innlegga fjerna.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.