...
GODE NAMN: La oss behalde det gode, gamle namnet «Festplassen», seier Ståle Sørbotten om parken som vert rusta opp ved Jølstra. Han applauderer også kommunalsjef Håkon Fimland sitt forslag om å flytte 17. mai-feiringa tilbake til Festplassen. Foto: Sigurd Løseth

– Kutt «by»-tullet

«Byparken» og «Bymarka» er kjønnslaus dusinvare som ikkje seier noko som helst.

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Tone Merete Lillesvangstu E-post
Publisert 22.04.2009 kl 08:48 Oppdatert 22.04.2009 kl 08:51

Tips ein venn på e-post:

Avstemming

Er det for mykje "by"-jåleri i Førde?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 214


Det meiner Førde-borgar, Ståle Sørbotten, som no ber Førde kommune gjere ei opprydding i jungelen av «by»-ditt og «by»-datt som florerer på nybygg, nyanlegg og til og med faste installasjonar som har vore her i tiår.

Han er sterkt imot by-prefikset som er i ferd med å snike seg inn på stadnamn i Førde: Bymarka, Byfjellet, Bybrua, Byparken, Bystien...

Glad for festplassen

På det kommunale informasjonsskiltet om byggjearbeidet på den nye gangbrua til Festplassen har stadnamnet blitt Byparken. Difor er Sørbotten glad for at kommunalsjef Håkon Fimland slår fast at Festplassen skal behalde det gamle namnet.

– Festplassen er jo eit strålande namn som har vore brukt i årevis. Og alle som har budd i Førde ei tid, veit kvar den ligg. Kvifor surre med det, spør han.

Men Sørbotten meiner at også dei andre nyoppfinningane med by-prefiks som er på full fart inn, bør gjennomgåast av ein kommunal namnekomité, slik at offisielle namn kan fastsetjast ein gong for alltid.

Jordskiftedommar

Sørbotten uttalar seg som tilflytta Førde-borgar (ikkje byborgar). Som pensjonert jordskiftedommar har han likevel sett verdien av dei gamle stadnamna, kor viktige dei var for grenseoppgangar og nøyaktig lokalisering ute i terrenget. Ofte knyter dei seg til ei hending eller eit særtrekk ved terrenget.

Han tykkjer Førde kommune har vore eksemplarisk med å ta kartleggje og ta i bruk gamle stadnamn rundt om i bustadfelta. Slåttebakkane og Vieåsen sør med gatenamn som Ambrahamhjellen og Moldtaket er gode døme.

– Denne tradisjonen må kommunen vidareføre, og ikkje vere med på ei medvitslaus «by»-innføring. Eg kan ikkje tenkje meg at Brulands-karane og Hafstad-karane vil godta at Hafstad-fjellet blir kalla Byfjellet, held Sørbotten fram med eit smil.

Han foreslår at stien frå sentrum til toppen av Hafstadfjellet vert døypt for Fjellstien. Og at den såkalla bymarka ved Bekkjavatnet får Hunsrasta som offisielt namn, etter det mest sentrale punktet området.

– Samtidig må vi ta vare på lokalhistoria som dei andre namna i området representerer, oppfordrar Ståle Sørbotten.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.