Endring i utbyggingsplanane av Kjøsnesfjorden kraftverk.
I statsråd fredag er det gitt løyve til endring av planane for utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i Jølster kommune. Det opphavlege utbyggingsløyvet vart gitt i 2004.
Monaleg energibidrag
– Planendringa gir meir energi med mindre inngrep enn det tiltaket som kan gjennomførast i medhald av den opphavlege konsesjonen. Denne endringa vil vere positiv for miljø-, landskaps- og friluftsinteressene, samtidig som ho gir eit monaleg energibidrag og auka verdiskaping i distriktet, seier olje- og energiminister, Terje Riis-Johansen.
Nest største
Planendringa fører til ein produksjonsauke på om lag 19 GWh i året. Totalproduksjonen i kraftverket vil med dette bli om lag 247 GWh i året. Utbygginga av Kjøsnesfjorden kraftverk er det nest største vasskraftprosjektet som Stortinget har samtykka til så langt i dette hundreåret. Grunneigarane med vassfallsrettar i utbyggingsområdet er deleigarar i kraftverket saman med Sunnfjord Energi AS og Bergenshalvøens kommunale kraftselskap AS.