Big Bang og Hellbillies til Fotballflora

Ni artistar med sjangerspenn frå retrodisko til hardrock. Konsertprogrammet til FotballFlora skal freiste publikum mellom 14 og 60.

Publisert 01.04.2009 kl 14:45 Oppdatert 02.04.2009 kl 09:40

Tips ein venn på e-post:

...
BIG BANG: Tek turen til Florø 10.juli.
...
LUTTPRISVINNARAR: The Generous Days.

FotballFlora

  • Blir arrangert 9.-11.juli 2009
  • Det er sjette året FotballFlora blir arrangert.
  • Årets artistar er: El Caco, The Generous Days, Punch, Big Bang, Boney M, Håvard Lothe Band, Pony the Pirate, TNT og Hellbillies.

– Vi har alltid lagt vekt på at profilen vår er å ikkje ha ein profil. Det tykkjer eg kjem godt til uttrykk også i år. Det viktigaste for oss er å lage eit sammensurium av gode opplevingar, seier ein entusiastisk festivalleiar, Per Øyvind Helle.

Det er sjette året FotballFlora vert arrangert, og tredje året konsertane går over tre dagar.

Vil ha dei beste lokale

På programmet finn vi, i tillegg til storprofilane Big Bang, Hellbillies, TNT og Boney M, også lokale, gode band.

– Eit medvite val i år var å få med dei beste banda i Sogn og Fjordane. Med The Generous Days, som vann Luttprisen i fylket i år, Pony the Pirate, som vann Årets Urørt på P3, og Håvard Lothe som snart gir ut si første studioplate, så er vi svært godt nøgde med den lokale profilen på festivalen, seier Helle.

Folkekjær

At dei også har drege til gards noko av det beste norsk rock kan by på, er han stolt av.

– Personleg meiner eg at Big Bang er det beste rockebandet i Norge for tida, El Caco er Norges beste hardrockband, samt at Hellbillies er eit av våre mest folkekjære band, seier Helle.

I fjor vart det selt omlag 3 500 konsertbillettar. Helle håpar på å selje mellom 4 000 og 4 500 i år.

– Vi reknar med fulle hus, og eg har tru på at programmet vil dra folk, seier Helle.

Han understrekar likevel at FotballFlora ikkje skal vekse inn i himmelen.

– Vi har ikkje noko mål om å bli superstore. Vi skal halde på den flotte festivalstemninga som vi er vorte kjende for, seier Helle.

Konsertbudsjettet er på 800 000 kroner, omlag det same som åra før.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.