Men protestane mot muslimsk foramlingshus ved innfartsvegen til Førde gjorde ikkje inntrykk på bystyret.
Utstyrt med plakatar med tekst som «Nei til moske i byporten» og «Nei til moske ved skular» møtte ei gruppe på åtte demonstrantar opp då bystyret torsdag føremiddag var på synfaring til arealet for den nye Hafstad bydel.
Men særleg gehør i bystyret vart det ikkje. Då saka kom til handsaming nokre timar seinare, vart lokaliseringa ved E 39, like aust for Hafstad vg. skule, vedteken mot Frps to røyster.
- Å leggje moskeen i byporten til Førde er for meg ei snikislamisering, seier talskvinna for demonstrantane, Bjørg Sølvi Refvik, til firda.no.
Åndskreftene
Refvik seier at ho og dei andre demonstrantane ikkje er rasistar, og at dei ikkje har noko mot muslimar som menneske. Ho meiner også at muslimar må ha lov til å samlast for å praktisere trua si. På spørsmål om kva som då kan vere problemet med eit islamsk forsamlingshus på Hafstad, svarar Refvik:
- Vi er berre ute etter åndskreftene som ligg i islam. Islam har som mål å innta verda, det må vi vere merksame på, seier ho.
Ytringsfridom
Ingen av bystyrerepresentantane veksla eitt ord med demonstrantane då dei gjekk forbi.
KrFs Bjørn Harald Haugsvær - som sjølv gjekk inn for at moskeen skal kunne liggje på Hafstad - sa etter synfaringa at ei markering som dette må vere heilt greitt i ytringsfridomens namn.
- Eg tykkjer også det er greitt at 61 personar har skrive under på protestliste. Vi må vere romslege for meiningar begge vegar. Eg ville vore meir uroleg dersom ingen protesterte av frykt for å bli stempla, sa Haugsvær.