To gonger på to dagar trudde elevane på folkehøgskulen at dei skaut sel.Begge gonger viste det seg at selen eigentleg var ein oter.
| Publisert 17.03.2009 kl 14:32 Oppdatert 17.03.2009 kl 14:32 |
Nordfjord folkehøgskule var i slutten av februar på seljakt utanfor Atløy i Askvoll. Det enda med to felte dyr. Begge otrar.
Linjelærar Per Momrak har skrive brev til Askvoll kommune der han fortel om jakta, og om dei to otrane som vart skotne.
Trudde det var sel
Den første oteren vart skoten 25. februar, like ved Raudøyna nord for Herland.
– Det vart observert sel utanfor Raudøyna, og elevane gjekk i land og låg klare og venta. Dei vart skote på noko dei trudde var ein sel, men når eg køyrde bort med båten for å sjå, var det ingen sel, men ein oter, skriv Momrak i brev til Askvoll kommune.
Han forklarar også at dei veit at dette er freda vilt, og at dette ikkje skal førekomme.
– Etter denne episoden hadde vi ein samtale rundt det som har skjedd, og det blei gjort klart at dei må vere sikre før dei skyt, skriv læraren.
Ny sel var også oter
To dagar etter var klassen igjen på seljakt, denne gongen vest for Herland. Det vart først skote etter ein sel, men skyttaren bomma. Like etter dukkar det opp eit dyr til, og jegeren flyttar seg og skyt igjen.
– Problemet var at det no ikkje var ein sel, men ein oter, skriv Momrak, og legg til at etter dette vart jakta avslutta og klassen reiste tilbake til Sandane.
Han beklagar i brevet det som har skjedd, og skriv også at han håpar dette ikkje skjer igjen.
Saka sendt til politiet
Leif Jørgen Løseth som jobbar med viltforvaltning i Askvoll og Fjaler sende saka vidare til politiet då han fekk brevet i hende.
– Oter er freda, og dermed ulovleg å skyte. Vi har på vanleg måte sendt saka over til politiet, seier Løseth.
– Vi har motteke brevet, gjort ein del etterforsking, og sendt saka til påtalemessig vurdering, seier politibetjent Jan Arild Nervik ved Askvoll lensmannskontor.
Han legg til at så langt dei kjenner til var alt det formelle i orden under jakta. Det var søkt om løyve til seljakt og jegerane hadde dei naudsynte løyva.
– Det er på det reine at oter er freda dyr. Det verkar som det er attkjenning av dyr som har svikta i denne saka. Dersom det blir bestemt å ta ut påtale i saka, vil vi gjere avhøyr av jeger og jaktleiar, seier Nervik.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt