Fekk pris for god design

Audhild Viken AS og Måløy-verksemda Norway Pelagic heidra på Designdagen i Oslo.

Helge Johnsen
Helge Johnsen Profil E-post
Publisert 11.03.2009 kl 16:31 Oppdatert 13.03.2009 kl 10:57

Tips ein venn på e-post:

...
JØLSTER OG BRYGGEN: Brørne Audun og Harald Viken er mottok onsdag designpris for den nye designprofilen til verksemda som bestemor deira i si tid starta. Foto: ARNE RISTESUND

Dei to verksemdene frå fylket fekk i ettermiddag overrekt handfaste teikn på anerkjenninga frå Norsk Designråd, for arbeidet dei kvar på sin kant har gjort for å skape seg ein ny visuell profil.

«Osar av truverde»

Den jølsterbaserte husflid- og suvenirbedrifta Audhild Viken AS er tildelt Prisen for god design for sin nye grafiske profil, som juryen seier «osar av truverde og høg kvalitet». Juryen meiner det er gjort ei fin kopling mellom det tradisjonelle og moderne i estetikken.

– Med omprofileringa si har Audhild Viken gitt suvenirsegmentet eit nytt uttrykk og forsterka formidlinga av norsk kultur og handverk, seier juryen.

Dagleg leiar i Audhild Viken AS, Harald Viken, tok mot prisen saman med broren og økonomisjefen Audun Viken.

– Vi ville utvikle ein profil som viser at vi er tufta på handverkstradisjonar, men samstundes framtidsretta. Det er kjekt å få ei slik anerkjenning, seier Harald Viken til firda.no.

Samanslegne selskap

Fiskeeksportøren Norway Pelagic har fått Merket for god design. Merket blir gitt til bedrifter og designarar som gjennom metodisk og målretta samarbeid har skapt svært gode designløysingar.

Selskapet oppstod då fem fiskeriselskap vart slegne saman for vel eitt år sidan. Etter samanslåinga måtte dei utvikle ein ny og felles profil.

Det nye selskapet, med hovudkontor i Måløy, er i dag verdas største produsent av sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag til menneskeføde.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.