Brannmenn berga katt

Ei god erfaring å ta med seg. Slik oppsummerer brannsjef Berhard Øberg ein noko uvanleg heltedåd i Førde.

Mats Muri E-post
Publisert 09.03.2009 kl 16:08 Oppdatert 09.03.2009 kl 16:08

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Linn-Anett Savland
...
Foto: Linn-Anett Savland

Det var fredag kveld at to jenter i 12-13-årsalderen slo alarm om at ein katt sat fast i eit tre på Ytre Hafstad i Førde. Katten hadde sitte fast i treet heile dagen, og fleire ungar i nabolaget hadde gjort fleire forsøk på å lokke katten ned. Det var tydelegvis ikkje viljen det stod på, men den sat rett og slett fast.

Stigen rakk ikkje opp

Då dei to jentene innsåg at her måtte det større tiltak til for å berge kjæledyret, ringde dei direkte til vakthavande ved Førde brannstasjon.

– I dette tilfellet kalla eg ut vaktlaget via telefon og ikkje radio. Det kunne blitt noko humoristisk, spøkjer brannsjef Bernhard Øberg.

Kort tid etter dukka brannvesenet opp med fem mann. Dei nølte ikkje med å få den lange stigen opp i treet.

Stigen var lang, men treet var samtidig høgt og dekt med greiner. Det resulterte i at den sprekaste av dei fem måtte klatre vidare frå stigen og opp i treet imens to mann stod lenger nede og gjenverande to sikra stigen.

Sjeldan oppdrag

– Aksjonen gjekk fint føre seg, og det er ei god erfaring, meiner Øberg.

– Vi kan jo komme opp i liknande situasjonar der menneske kan vere offeret.

Ifølgje brannsjefen er det ikkje ofte ein får slike oppdrag. Som oftast går det eit par år mellom kvar gong.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.