Dei to gruvene som Nordic Mining skal drive forsøk med ligg i Sunnfjord og i Sogn.

– Dette blir konsekvensen av gruvedrift på Engebø

Den planlagde gruveutbygginga i Engebøfjellet i Vevring vil ha positive samfunnseffektar, men for kunstnarmiljøet i Vevring vil det kunne slå negativt ut. Sett i eit miljøperspektiv vil gruvedrifta ha både små og store konsekvensar.

Vidar Gudvangen
Vidar Gudvangen Profil E-post
Publisert 24.02.2009 kl 14:50 Oppdatert 25.02.2009 kl 21:11

Tips ein venn på e-post:

...
ENGEBØ: Her i Engebøfjellet i Naustdal kommune vil selskapet Nordic Mining starte gruvedrift. Foto: Kjell Aga Ulvestad
...
PROSESSANLEGG: Her ved kaia på Engebø ønskjer Nordic Mining å etablere sjølve prosess- og losseanlegget for gruvedrifta. Overskotsmasse vil bli dumpa i eit sjødeponi i fjorden. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Fakkeltog i Vevring

...

Nordic Mining ønskjer å utvinne rutil i Engebøfjellet, og dumpe gruveavfall i sjøen. Laurdag 22. november gjekk bygdefolket i fakkeltog i protest mot planane.

Sjå bileta

Engebøfjellet

  • Selskapet Nordic Mining ønskjer å starte gruvedrift på Engebø i Naustdal kommune for utvinning av mineralet rutil.
  • Rutil er mellom anna nytta som tilsetjingsstoff i mailing og tannkrem.
  • Utbygginga vil ha ein kostnad i milliardklassen.
  • Gruvedrift på Engebø vil føre til at deler av dagens busetnad må flyttast.
  • Nordic Mining ønskjer også liknande gruvedrift i Nærøydalen i Gudvangen.

Slik konkluderer ein omfattande konsekvensanalyse kring verknadene av ei gruvedrift for utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet ved Førdefjorden.

Rapporten som vart offentleggjort tysdag, er utarbeidd av konsulentfirmaet Asplan Viak og Norsk institutt for vannforskning (NIVA) er tinga av utbyggjaren Nordic Mining.

Positivt for samfunnet

Konsekvensanalysen konkluderer med at den planlagde, storstila gruveutbygginga vil ha positive ringverknader for Naustdal kommune og Sunnfjord som region, blant anna med tanke sysselsetjing, busetjing kommunal infrastruktur og økonomi. Gruvedrifta vil vere negativ for dagens fastbuande på Engebø, som vil måtte flytte som følgje av industrien.

– For befolkninga i Vevring og for kunstnarmiljøet spesielt, opplevast tiltaket som negativt fordi det blir oppfatta som problematisk å foreine kunst og kultur med eit stort industriføretak 1-2 km unna, heiter det i rapporten.

Treng betre veg

Konsulentane peikar på at det er naudsynt å jobbe fram gode samarbeidsrelasjonar med utbyggjar og finne fram til kreative løysingar for å stimulere kunst og kulturaktiviteten som gjennom ei årrekkje har vore med på å setje Vevring på kartet. Lykkast ein med dette, kan synet på gruvedrifta endre seg frå negativt til positivt, trur folka bak analysen.

Når det gjeld trafikale tilhøve, har rapporten lite fint å seie om dagens riksveg 611 mellom Vevring og Naustdal. Ei omfattande gruveverksemd vil tvinge fram betre vegstandard. Det er behov for å auke trafikktryggleiken, og i tillegg kan ei båtrute til Askvoll verte naudsynt for pendlarar, skriv ein i rapporten.

Legg fjorden aude

Nordic Mining sine planar om dumping av overskotsmasse har vore noko av det mest omstridde kring etableringa av gruvedrift i Engebøfjellet. Konsekvensrapporten konkluderer med at eit slikt deponi vil leggje 2,9 kvadratkilometer av Førdefjorden aude, så lenge dumpinga går føre seg. Her vil det ikkje vere ein fauna som gir grunnlag for føde til fisk. Etter at dumpinga er avslutta, vil det truleg komme nytt liv på fjordbotnen i løpet av ein 5-10-årsperiode.

Laksestammen ikkje truga

Når det gjeld laksestammen i Førdefjorden, og statusen som nasjonal laksefjord, blir omfanget av eventuelle påverknader av laksesmolten vurdert som så små at utbygginga ikkje vil komme i konflikt med laksestammen.

Prøvefiske etter djupvassfisk har ikkje i særleg grad dokumentert kommersielt interessante førekomstar av fisk i djupvassbassenget i fjorden. – Ved å deponere avgangen mest mogleg konsentrert utanfor Engebø vil større deler av djupvassbassenget i Førdefjorden framleis kunne fungere som habitat for djupvassfisk, trur analytikarane.

Mindre støv enn venta

For naturen på land, vil gruvedrifta leggje beslag på areal i samband med etablering av dagbrotdrift på toppen av Engebøfjellet, gråbergsdeponi i Engjabødalen og etablering av prosessområde nede ved fjorden på Engebø. Her blir konsekvensane vurdert som middels-stort negativt. Tiltak for best mogleg bevaring av vegetasjon og fortløpande preparering er naudsynt. Også fargen på bygningar bør takast omsyn til, heiter det i rapporten.

– Tiltaket medfører mindre problem knytt til støv og støy enn venta. Dette skuldast at dei viktigaste støv- og støykjeldene er å finne i dagbrotet og vil dermed bli noko skjerma i høve til busetnaden, konkluderer rapporten.

For mykje støy for oppdrettsfisken

Når det gjeld fjellsprening i Engebøfjellet og støyen det kan påføre fisk i oppdrettsanlegg, konkluderer rapporten med at støyen vil liggje over det som er tilrådd fryktterskel for laks og torsk.

Oppdrettsanlegga som ligg på andre sida av fjorden, vil derimot gå klar støyen.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.