Ny FMI-protest mot moské i Førde

Atter ein gong mobiliserer Folkeaksjon mot Innvandring (FMI) mot moské i Førde. Arbeiderpartiets Jorunn Eide Kirketeig tek avstand frå flygebladet organisasjonen deler ut til førdefolk.

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 11.12.2008 kl 13:41 Oppdatert 11.12.2008 kl 16:04

Tips ein venn på e-post:

...
Illustrasjonsfoto Foto: Arne Stubhaug

For om lag eit år sidan dumpa det flygebrev ned i postkassene til mange førdianarar. Avsendar var FMI, og bodskapen var klar: protestar mot moské i Førde.

– Motbydeleg og rasistisk

No kjem motstandsbrevet på nytt i Førde, og over to sider viser organisasjonen si motstand og ber førdianarane gjere det same. Førde Arbeiderparti sin gruppeleiar Jorunn Eide Kirketeig har fått motstandsbrevet tilsendt mange gonger.

– Vi tek sterk avstand frå den desinformasjon og rasismen som FMI har gjort i forhold til moské i Førde. Propagandaen deira er både mangelfull og feil, og bodskapen er motbydeleg og rasistisk, seier Eide Kirketeig.

Må få fortgang

Nyleg presenterte Firda arkitektteikningar av moské i Førde signert Torkjel Bruland Lavoll (26). Førde-guten viste også fram moskémodellen for muslimane i byen og hausta applaus her. På ein politisk kafé med Ap-politikarar fekk han også vist fram planane sine.

Ifølgje Eide Kirketeig jobbar partiet for at moskeen kjem på plass snarast råd.

– Vi må få plass moskeen snarast råd slik at vi får inkludert våre nye landsmenn, seier Eide Kirketeig.

– Må halde saka varm

Bjørnar Røyset, formann i FMI, fortel at det er viktig for organisasjonen å få førdianarane til å protestere mot moskeen.

– Men vi har ikkje ein offisiell aksjon som den vi hadde fjor. No er det er nok folk som på eige initiativ har skrive ut protestbrevet frå nettsidene våre og sendt dei ut, seier Røyset som fortel at han ikkje er sikker på kvifor motstanden blussar opp på nytt no.

– Kan det ha samanheng med at teikningar av moskeen nyleg blei presentert i Firda?

– Det kan nok vere grunnen, ja. For i og med at saka ikkje er avgjort enno så er det viktig for oss at folk blir minna på saka slik at vi held den varm, seier formannen.

– Eg kjenner meg viss på at ein god del førdianarar er einige i motstanden vår, seier Bjørnar Røyset.

MODELL: Nyutdanna arkitekt Torkjel Bruland Lavoll (t.v.) presenterte moskémodellen til muslimane i Førde måndag, og fekk gode tilbakemeldingar. F. v: Asiyah Zarghoon, Shemsedin Jasharaj, Ibrahim Zarghoon, Idris Abdillah og Mustafa Zarghoon. Arkivfoto: Karin Flølo

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.