Ikkje som andre kattar

Basse (3) er ikkje heilt klar i topplokket. No vurderer eigaren å skrive bok om han.

Publisert 17.11.2008 kl 09:19 Oppdatert 17.11.2008 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:

...
Basse er ein sjarmerande katt som ikkje er redd for noko. Foto: Karin Flølo
...
Unn Vatsø jobbar i Dyrebeskyttelsen, og har hjarterom for mange kattar. Foto: Karin Flølo

– Han er ikkje heilt klar i toppen, smiler katteeigar Unn Vatsø i Førde.

Basse er den mest spesielle av kattane hennar. Ho har hatt han sidan han vart fødd.

Finst ikkje redd for noko

– Eg trur ikkje det var meint at han skulle leve frå naturen si side. Eine søskenkatten var dødfødd, fortel ho.

Vatsø seier Basse ikkje er redd for nokon ting. Han er full i refleks slik at bilane skal sjå han. For passe på seg sjølv kan han ikkje.

– Han spring etter hundar. Av og til trur eg at han har misforstått, at kanskje han trur han er hund sjølv, ler ho.

Å rope pus til Basse er ingen vits, for det forstår han ikkje.

Torer ikkje la katten vere heime åleine

Gravemaskiner og anna bråkete arbeid ville fått dei fleste andre kattar til å springe, men Basse oppsøkjer i staden, av rein nysgjerrighet.

– Når eg slår plenen, pleier han å leggje seg opp i trillebåra, seier ho.

Men kva gjer familien når dei skal reise bort? Jo, dei tek med seg katten. For heime åleine kan han ikkje vere.

– Basse har vore på hotell og feriar. Han har vore med på kampanjane til Dyrebeskyttelsen i Førde sentrum, seier eigaren, som sjølv er aktiv i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Kjent i nabolaget

For ei tid sidan, då Basse var med Dyrebeskyttelsen i kampanje i Førde sentrum, hoppa han lik så godt opp i fanget til ein person i rullestol.

– Han er veldig selskapssjuk og likar folk godt. Alle ungane i nabolaget veit kven han erm seier Vatsø.

Vil skrive bok

No vurderer ho å skrive ei bok om den tre år gamle katten.

– Det må eg berre ta meg tid til å gjere. Eg kjem til å skrive ei lita sak om han til årsrapporten til Dyrebeskyttelsen. Så får eg sjå kor langt eg kjem, seier Unn Vatsø.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.