Torsheim fekk nytt sjal

Bursdagspresang frå Naustdal-rektor.

Publisert 08.11.2008 kl 15:38 Oppdatert 08.11.2008 kl 15:56

Tips ein venn på e-post:

...
NYTT SJAL: Det raude sjalet som Kirsten Friis har hekla, var utsmykking på scenen før Oddvar Torsheim fekk det rundt halsen. Foto: Tone Merete Lillesvangstu
...
OMGITT AV KUNST: Etter sceneinnslaga, fekk Oddvar Torsheim tid til å sjå på den flotte kunsten som barn i Naustdal har laga. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Eg har hekla nytt sjal til deg, sa rektor på Naustdal barne- og ungdomsskule, Kirsten Friis.

- Så bra. Eg likar hekling skikkeleg godt, sa Torsheim, som let Friis leggje sjalet rundt skuldrane sine.

På det blodraude sjalet var det festa ein skorpion.

– Eg trur det er det einaste dyret du ikkje har med i kunsten din. Men du er jo skorpion, så difor vart det det, sa Friis.

– Ja, skorpionen sler ikkje, han stikk. Men skorpionar er dei verste å leve saman med, repliserte Torsheim med glimt i auga.

Finn ikkje ord

Han la ikkje skjul på at han var både audmjuk og svært takksam for all merksemda som vart han til del.

– Eg har rett og slett ikkje ord, sa Torsheim.

Naustdalshallen var stappfull, og vel så det, då sunnfjordingar samla seg for å hylle Sunnfjord-kunstnaren sin 70-årsdag laurdag.

Han fekk nyte over ein time med program sydd saman av elevar og born frå skulane og barnehagane i Naustdal.

Rikhaldig utstilling

Dei hadde funne inspirasjon i mange deler av Torsheim sin kunst som dei formidla til eit entusiastisk publikum.

Etter sceneinnslaga, kunne både Torsheim og dei andre gjestene nyte ei særs variert og rikhaldig kunstutstilling i regi av alle skuleelevane og barnehageborna.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.