Og den er laga av ei tom brusflaske!
– Det er overraskande god lyd i dei, konstaterer Eivind Ødegård, dagleg leiar i Bokbyen og musikkentusiast.
Dei sjølvbygde høgtalarane kosta han den nette sum av 15 kroner i tapt pant, utstyr og kablar.
Vatt eller gamle ullsokkar
– Eg fann eit par bilhøgtalarar som var passe store. Botnen på flaskene skar eg av med ein tapetkniv. Rundt høgtalarane har eg fylt med vatt. Her kunne det også ha vore brukt bomull eller gamle ullsokkar. Til slutt stakk eg eit hol i korken, trekte gjennom kabel og teipa det heile fast med stoffteip, fortel Ødegård og viser fram høgtalarane som har gleda kundane på «Bok & Bilde» i Bokbyen i heile sommar.
– Alle smiler når dei ser dei. Dei smiler både fordi det kan gjerast slik og fordi det er så god lyd.
– Auka de omsetninga av gamle vinylplater etter at desse høgtalarane kom på plass?
– Det har eg ikkje sikre tal på, men vi kan håpe det¿
Neste prosjekt for Eivind Ødegård er å byggje eit analogt lydstudio saman med kompisane Rainer Romøren og Jan Peter Strong.
– Vi meiner at analog lyd har framtida føre seg. Dei fleste studioa i dag er digitale. Digital lyd er når du gjer lyden om til tal. For vår del vert det å ta vekk lyden frå det den eigentleg er, nemleg svingingar i lufta. Vi vil halde lyden minst mogeleg behandla.
Fjærland innlysande
Prosjektet er enno i startfasen.
– Så langt har vi fått låne eit beist av ei 1-toms 16-sporsmaskin, ein Tascam 85-16, som bør vere brukbar til og med til kritiske opptak, samt at vi har kjøpt diverse utstyr privat. Enno er det eit stykkje fram, men vi skal få det til. Fjærland er dessutan den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio. Staden har noko opphavleg og urørt ved seg – akkurat som den analoge lyden, konstaterer Ødegård.
Meir om prosjektet kan lesast på http://frilyd.tk