...
Foto: Arild Bruland

Rånehærverk på kunstgrasbane

Den flunkande nye kunstgrasbana på Sandane har to helgar på rad hatt besøk av vandalar. No rasar fotballmiljøet.

Tips oss: MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33
Publisert 14.09.2008 kl 14:04 Oppdatert 15.09.2008 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Arild Bruland

– Det er til å gråte av. Vi er fortvila over at nokon må drive med slik tyleskap. Fotballmiljøet er lovleg forbanna no, seier leiar i fotballgruppa i Sandane Turn og Idrettslag, Jan Inge Erdal.

Spunne i ringar

Førre helg prøvde nokon å setje fyr på kunstgrasbana, samt stal og ramponerte ei plenrulle.

Denne helga har ein bilkøyrar køyrt tyl ute på kunstgrasbana og spunne rundt slik at deler av dekket er øydelagt.

– Brannskadene melde vi til politiet då vi hadde mistenkte i saka. Men skadene fekk vi ordna utan kostnad grunna grei produsent og då tenkte vi å forbigå saka i stillheit. Men no er det nok, seier Erdal.

Kjelder Firda har vore i kontakt med fortel om råne-sirklar på bana, og holer i dekket.

Ikkje sikra mot idiotar

– Bana går framleis an å bruke, men dette er skikkeleg surt. Bana er så ny at vi ikkje har fått tid til å sikre mot slike idiotar. Entreprenøren driv med siste avslutninga, deriblant å lage veg ned til bana. Denne har stort sett vore stengd heile tida, berre ikkje no i helga, seier Erdal med eit sukk.

Kor store kostnader det er snakk om, torer han ikkje spå.

– Vi har garanti på bana, så det er litt opp til leverandøren å bestemme kva vedlikehald som trengst for å fikse dette. Må vi ha profesjonelle frå Drammen eller Nederland er det klart det blir dyrt, seier Erdal.

Uhaldbart

Det ligg eit massivt arbeid bak det nye idrettsanlegget. Idrettslaget har kjøpt eit 30 mål stort areal, og den totale kostnaden er i dag på 10,7 millionar kroner. Av dette er 2,5 millionar tippemidlar, medan Gloppen kommune skal bidra med tre millionar i 2011/2012.

– Vi har prøvd å gjere noko for å gi organisert og uorganisert aktivitet ein plass å halde til, og vi ser at det virkar. Miljøet blomstrar. Men at nokon då må øydeleggje slik, er heilt uhaldbart. Fotballmiljøet på Sandane er lyn forbanna. Vi håpar dette miljøet seier ifrå, seier Erdal.

Han legg til at rykteflaumen er stor, og at nokon må stillast til ansvar for ugjerningane.

– Vi ber dei som veit noko, seie ifrå til oss, eller aller helst til politiet, seier Erdal.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.