Rosar gammal Sogne-prakt

Hotelldirektør Sigurd Kvikne er overraska og glad

Kviknes er ein av klassikarane av dei gamle trehotella på Vestlandet, og hotellet gjer ikkje skam på denne statusen.

Publisert 21.08.2008 kl 11:51 Oppdatert 22.08.2008 kl 08:26

Tips ein venn på e-post:

...
Kviknes hotel Foto: May Britt Eide
...
OVERRASKA: Hotelldirektør er glad hotellmeldinga i Dagens Næringsliv. Den kom høgst uventa. Foto: Katrine Sele
...
GREIT: Fylkets største, Alexandra Hotel i Loen, får skryt for sitt spaanlegg og storslagne natur. Elles er det meste på det jamne, meiner hotellmeldaren. Foto: Hild Nordal
...
TRENG OPPUSSING: Hofslund, det eldste av dei fire hotella i Sogndal, treng har eit sjarmerande ytre, men treng modernisering, meiner Dagens Næringsliv. Foto: Arne Stubhaug
...
LITE NÅDIG: Førde hotell fekk i vinter gjennomgå av Dagens Næringsliv. Ikkje minst grunna glatt is framfor hovudinngangen. Foto: Runa V. Engen

Slik konkluderer Dagens Næringslivs kresne hotelltestar etter ein tur i Balestrand.

Med totalt 22 poeng plasserer sveitsarstil-hotellet seg nær topp 10-lista til avisa etter hotelltesten som stod på trykk onsdag.

Vart paff

– Veldig hyggjeleg lesnad. Vi tek imot det vi kan av positiv omtale, seier ein godt nøgd hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Han hadde inga aning om at hotellmeldaren frå Dagens Næringsliv hadde vore på vitjing.

– Eg hadde ikkje peiling i det heile teke. Eg fekk ein sms onsdag morgon med gratulasjon for god omtale, fortel Kvikne.

Under tilltelen «Stilmiks» i Sogn haustar Kviknes hotell mykje skryt. Også høgblokka bak trebygningen, omtala som «DDR-inspirert» får godkjent karakter. Ein noko lite innhaldsrik frukostbuffet og mangel på breiband oppe på hotellromma er det mest graverande meldaren har å setje fingeren på. Og oppmodinga er klar: Bruk gjerne 1000 kroner ekstra for å sikre deg eit av dei 25 romma i gamledelen av hotellet.

Næringslivet stadig viktigare

Kvikne legg ikkje skjul å at omtale i Dagens Næringsliv kan vere gull verdt.

– Lesarmassen til Dagens Næringsliv blir stadig viktigare, ikkje minst etter at vi i fjor brukte millionar på eit nytt konferansesenter. Utfordringa vår er å få meir trafikk haust, vinter og vår, forklarer direktøren.

Han er spesielt glad for at dei tilsette ved hotellet haustar ros i omtalen – sjølv om dei færraste har aner i Sogn. At også den omdiskuterte betongblokka frå 1960-talet står til meir enn godkjent, varmar også.

– Arkitektur er eit omdiskutert tema på Kviknes. Kontrastane er store, men det har vore viktig for oss at det skal liggje kvalitet i botnen på produktet vi leverer, også i betongblokka. Det er dei 165 romma der, som gir oss økonomi til å halde på det gamle bygget. Vi er dessutan opptekne av at blokka skal representere si samtid, på same måte som trebygget, seier Kvikne.

Som fleire andre hotelleigarar kan også han melde om sviktande besøk frå utanlandske turistar i sommar.

– Då blir omtalen i DN ekstra viktig, konkluderer Sigurd Kvikne.

Krass meldar

DNs til tider svært ærlege og direkte hotellmeldarar har i løpet av året nytta titlar som «Hotell for bevisstløse», «Helt nedtur», «Trøbbel i tårnet» og «Nedtur i Narvik». Men næringslivsjournalistane i hovudstaden kan også la seg imponere, noko overskriftene «Trivelige Trøndelag», «En deilig maskin» og «Dyrt og deilig i Oslo» vitnar om.

Eit søk på dn.no gir treff på fleire hotell i Sogn og Fjordane.

Litt slitent ved fjorden

«Hofslund Fjord Hotell i Sogndal har det som skal til for å huse forretningsfolk en natt eller to, men heller ikke noe mer.»

«Det virker passé i stil og innredning og gir et umiddelbart inntrykk av behov for modernisering. Det som likevel gjør oppholdet sjarmerende er den utvendige arkitekturen og beliggenheten ved fjordkanten – og med praktfull utsikt fra rommene som vender ut mot sjøen.»

Det lille ekstra

Hotel Alexandra, Loen: «Hotellet bærer preg av at det lever av å ta imot store turistmasser og konferansegjester – og det gjør hotellet godt.»

«Når det gjelder standardtilbud, har hotellet akkurat det et hotell skal ha, men ikke mer. Men spaet og bassenganlegget som ble nyåpnet ifjor etter opppussing for flere titall millioner kroner, er fantastisk. Et svært godt vinkart overrasker nok også kresne gjester.»

«Samlet sett et hotell man som gjennomreisende gjest forlater fornøyd. Men flere netter hadde nok blitt kjedelig.»

Sklei på trappa

Sist vinter var Dagens Næringsliv også på besøk hos Quality Førde hotell. Der fekk hotellmeldaren eit ublidt møte med inngangspartiet som for høvet ikkje var grusa den kalde vinterdagen. Journalisten gjekk på regelrett på rumpa, noko som fekk fyldig omtale i meldinga. Han hadde også andre ting å utsetje på hotellet, som framleis ligg på DNs fem på botnen-liste med sine 16 poeng.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.