EKSTREMVÊRET I AURLAND

- Så kom endå eit brøl

Morten Aasen var på hytta like i nærleiken då massane dundra ned fjellsida mot Skjerdalsvegen.

Publisert 07.07.2008 kl 15:46 Oppdatert 08.07.2008 kl 08:49

Tips ein venn på e-post:

BILETE: Ekstremver og ras i Aurland

...

Søndag 6. juli var Aurland råka av ei svært lokalt uver.

Sjå bileta

- Raset var visuelt og lydmessig ganske stort, fortel sogningen Morten Aasen, som var på hytta på Voldebu då det tjue meter breie rasa starta høgt oppe i fjellsida søndag kveld.


Heldt fram

- Det dreiv på ein god halvtime. Deretter stogga det, og så kom det eit nytt brøl og eit nytt ras med jord, stein og vatn var på veg, seier Aasen til firda.no.

Hyttegrenda ligg ein halv kilometer frå Skjerdal, og raset sperrar vegen mellom Voldebu og Skjerdal. Aasen fekk inntrykk av at raset starta høgt oppe mellom to karakteristiske fjelltoppar.


- Ikkje direkte skremmande

- Hytta vår ligg på ein trygg plass, så eg opplevde ikkje raset som direkte skremmande, seier Aasen på telefon frå Aurland.


Fem ras tilsaman

Det er no klart at det søndag kveld gjekk heile fem ras som nådde vegar i Aurland kommune.

- Vi har registrert eitt ras meir enn vi rekna med før vi fekk full oversikt.

Det opplyser tenesteleiar Reinhardt Sørensen i Aurland kommune etter å ha vore på synfaring i helikopter saman med Mesta Og Statens Vegvesen.

Sjå oppdaterte vegmeldingar her!

Vil ta mange dagar

Raset ved Voldo, som sperrar vegen til Skjerdal i Aurlandsfjorden, er 20 meter langt.

- Det vil ta mange, mange dagar før vegen vert sett i stand att både her og på vegen mellom Gudvangen og Bakka, seier Sørensen til firda.no.

- Men det vert teke kontakt med entreprenør, og vonaleg kan arbeidet med å få til ei provisorisk løysing starte i morgon.


Vande med ras

Dei fastbuande både på Bakka og Skjerdal er vande med å finne alternative løysingar når vegane er stengde av snøras vinterstid, og såleis skaper ikkje vegstenginga alvorlege problem førebels. I tillegg har aurlandsordføraren snakka med mange av dei som er råka, for å høyre om kommunen kan bistå.

Folk måtte evakuerast, og ferja må flytte seg på grunn av rasa søndag. I tillegg kan brannen i eit bustadhus skuldast uvêret.

Uvêret har også skapt vanskar for telefonsamband og straumtilførsle.

Mest lese no

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Sogndal tok sigeren

Fotball Spelte treningskamp mot Fyllingsdalen klokka 14.00. Les meir

...

Rektor melder politiet

Nyhende Meiner dei har brukt for lang tid i etterforskinga. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.