Arkeologar overvelda etter funn av fem steinkrossar.
Arkeologar har den siste veka avdekt det som truleg var den einaste produksjonsplassen for steinkrossar i landet.
Steinbrotet er tidlegare registrert av NGU (Noregs geologiske undersøkingar), men har aldri vore undersøkt. No er ei gruppe arkeologar i ferd med å grave ut brotet, som ligg rett over vegen for Kvernsteinsparken.
Dei er overvelda av det dei har funne så langt – fem delvis øydelagde steinkrossar.
– Vi hadde ikkje peiling på kva vi kunne finne her. Plassen såg ut til å vere ein produksjonsstad for steinheller. Funna er så unike at vi berre må undersøkje vidare, seier arkeolog Irene Baug.
Frå vikingtid og mellomalder
Baug har jobba i ti år med utgravingar i Hyllestad, og er i gong med ein doktorgrad i arkeologi ved Universitetet i Bergen.
Krossane ho og studentane hennar har funne, stammar truleg frå vikingtid og tidleg mellomalder. Dei eldste kan vere frå rundt år 1000.
– Dette er utifrå forma på krossane. Men vi leiter etter trekol for å datere funna meir presist. Tidlegare har vi funne trekol i steinbrota, kan hende etter smier, seier Baug.
I alt finst det rundt 40 bevarte steinkrossar på Vestlandet, og 23 av desse ser ut til å stamme frå Hyllestad, utifrå bergarten. Dei fem krossane som er funne no, er alle av granatglimmerskifer, det same som kvernsteinane.
Den minste er så liten at ein kan halde krossen i handa. Den største har ein krossarm på ein halvmeter, og kan ha vore fleire meter høgt.
Største produsenten i landet
Målet til Irene Baug har vore å kartleggje produktmangfaldet i Hyllestad. No har ho dokumentasjon på at Hyllestad var den største produsenten av steinkrossar i landet.
– Krossar som dette vart ofte plasserte på heidenske gravhaugar. Dei spelte ei rolle i overgangen frå heidendom til kristendom, og mange kan ha blitt reiste av kristningskongar eller høvdingar, for å markere siger over heidenskapen.
Rundt om i fylket finst fleire steinkrossar av dette slaget, mellom anna eitt på Korssund i Fjaler og to i Eivindvik, alle frå vikingtida. Nyare steinkrossar frå mellomalderen finst på kyrkjegårdene, mellom anna i Hyllestad og på Vereide.