Unio-streiken blir trappa opp. Frå torsdag er det varsla streik for 379 kommunale arbeidstakarar i Førde.
Førde ut i streik
Det er lærarar, sjukepleiarar, førskulelærarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar i Førde som blir tekne ut i streik frå torsdag morgon.
Streiken vil råke Førde Helsetun, Heimetenesta, Folkehelsetenesta og Eining for helse og barn, opplyser Unio.
Grunnskular som vil merke streiken er Angedalen skule, Flatene skule, Førde barneskule, Førde Ungdomsskule, Halbrend skule, Holsen skule, Frøysland skule, Karstad skule, Slåtten skule og Sunde oppvekstsenter.
Dei vidaregåande skulane Hafstad, Øyrane, Mo og Jølster og Førde tekniske fagskule blir råka.
Også ved Halbrend barnehage, Haugum/Husmorhuset barnehage, Slåttebakkane barnehage, Vie Barnehage, Førde Familiebarnehage, Tusenfryd barnehage og Vieåsen barnehage blir arbeidstakarar tekne ut i streik.
Andre kommunale og fylkeskommunale arbeidsplassar i Førde som vil merke streiken er Norsksenteret, PPT for indre Sunnfjord, kommuneadministrasjonen i Førde, Fylkeskulturkontoret og Eksamenskontoret.
Det blir fjerde gong Unio trappar opp streiken. I tillegg til Førde, gjeld det Rana, Sarpsborg og Oslo.
Varselet gjeld 2498 kommunale arbeidstakarar
Frå og med torsdag vil 13730 arbeidstakarar over heile landet vere i streik.