Politiet i Florø etterforskar alvorleg seksuallovbrot.
– Dette er eit alvorleg brotsverk, seier politistasjonssjef Nils Erik Eggen i Florø.
Han opplyser at overgrepet mot den 13 år gamle jenta skjedde i Florahallen i skuletida forrige onsdag.
Pågripne torsdag
– Vi har etterforska saka sidan vi fekk vite om den om føremiddagen dagen etter, seier Eggen.
Han fortel at tre gutar i alderen 18, 16 og 15 år er pågripne og sikta i saka. Dei tre vart pågripne av politiet torsdag kveld.
Eggen opplyser at alle dei tre sikta er av utanlandsk opphav.
– Alle tre er sikta for å ha hatt seksuell omgang med barn under 14 år. Det er eit alvorleg overgrep, seier Eggen.
Maksimumsstraff på 21 år
Dei tre gutane er sikta etter paragraf 195 i straffelova. Strafferamma for lovbrotet dei er sikta for, er i utgangspunktet 10 års fengsel.
Under spesielle omstende er strafferamma for lovbrotet 21 års fengsel. Eggen opplyser at vilkår i lovverket som kan medføre den strengaste straffa, er at fleire har vore saman om handlinga.
To av dei tre pågripne vart lausletne etter avhøyr torsdag kveld, den tredje vart lausleten fredag. Dei tre som er sikta og jenta er alle busette i Florø.
Etterforskar framleis
– Etterforskinga pågår og vi held framleis på med å avhøyre vitner, seier Eggen.
Han fortel at dei tre på det noverande tidspunkt ikkje er sikta etter valdtektsparagrafen, fordi politiet ikkje har haldepunkt for at det vart nytta vald eller trugande åtferd i samband med overgrepet.
– Dei tre er på det dette tidspunkt i etterforskinga sikta etter paragrafen som omhandlar seksuell omgang med barn under 14 år, seier Eggen.