«Gjerland lurte meg»

Bitter Djuvik (Frp) fekk ikkje styreplassen i Sunnfjord Energi

Trass i bystyrevedtak på at Frps Frank Willy Djuvik skulle vere Førdes kandidat til styret i Sunnfjord Energi AS, vart ordførar Nils Gjerland (Sp) attvald som representant. Fleirtalet i generalforsamlinga ville ikkje ha Frp'aren, og Gjerland let seg lansere på nytt.

Publisert 20.05.2008 kl 12:58 Oppdatert 20.05.2008 kl 14:51

Tips ein venn på e-post:

Førde, representert ved Nils Gjerland, både foreslo og røysta for Djuvik under måndagens generalforsamling, i tråd med bystyrets pålegg. Men Frp'aren konstaterer at han vart fullstendig sjanselaus, når den same Gjerland sjølv stilte som eit alternativ.

– At Frp skulle ha Førdes styreplass i Sunnfjord Energi, var ein del av avtalen som i fjor sikra Nils Gjerland attval som ordførar. Eg reagerer på at han stilte seg til disposisjon. Det er ein nokså uærleg måte å opptre på. Eg er forbanna og føler meg lurt, men mest av alt er eg skuffa. Etter dette, må eg berre konstatere at Nils Gjerland er ein person ein ikkje kan stole på, seier Djuvik til Firda.

Skriftleg avtale

Frps gruppeleiar i bystyret meiner Gjerland har drive avtalebrot.

– Frp avstod frå å få plass i formannskapet, for å bidra til ei samling rundt Gjerland som ordførar. Det er skriftleg avtalefesta, og seinare vedteke i bystyret at vi skulle ha kandidaten til styret i Sunnfjord Energi. Gjerland handlar heilt på tvers av det som er avtala, når han let seg lansere til denne styreplassen, seier Djuvik.

No angrar han på at Frp stilte seg bak Gjerland under valkampen og konstitueringa.

–Eg klarar ikkje forholde meg til ein person som opptrer slik. For min egen del, er det neppe aktuelt å stø Gjerland ved seinare høve, seier Djuvik.

Avviser

Nils Gjerland avviser at han har brote avtalen som vart inngått etter valet.

– Det var ikkje Førde kommune, men dei andre eigarkommunane som gjekk mot Djuvik, seier Gjerland til Firda.

På spørsmål om ikkje utfallet var gitt, når han takka ja til å bli kandidat, svarar Gjerland:

– Det var ikkje gitt noko utfall. Dette oppstod i møtet, der det m.a. vart diskutert om det var behov for profesjonelle styremedlemer. Det kom nokså overraskande på meg.

– Djuvik meiner du burde avstått frå å vere kandidat?

– Det kan ein sjølvsagt seie. Men eg hadde fullmakt med meg, den brukte eg, og eg røysta på Djuvik.

– Men Djuvik var då sjanselaus?

– Det vart slik, då. Men det er generalforsamlingas ansvar å velje styre. Når Førde kom opp med ein kandidat fleirtalet ikkje ville gå for, er det for så vidt vårt problem, seier Gjerland.

– Djuvik seier du ikkje er til å stole på. Kva er din kommentar til det?

– Det er heilt feil.

Kan kraft

Gerd Dvergsdal (Sp), som representerte eigarkommunen Jølster i generalforsamlinga, seier at det var viktig for dei andre å vere sikre på kva Førde som største eigarkommune ville stå for, i styret for energiselskapet.

– Eg veit lite om Djuvik. Nils Gjerland kan mykje om kraftbransjen og om småkraft. Difor gjekk eg for å velje han igjen, seier Dvergsdal.

– Var han vanskeleg å overtale til å stille igjen?

– Nei. Det var eit ja/nei-spørsmål, seier Jølster-ordføraren.

...
Ordførar Nils Gjerland (t.v.) foreslo Frank Willy Djuvik til energiverkstyret, og stilte sjølv som motkandidat. Foto: Firda

Styreverv i Sunnfjord Energi

Var det rett av Gjerland å stille som motkandidat?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 424

SAKA

  • For å sikre seg støtte frå Frp i kampen om ordførarvervet, gjorde Førde Senterparti avtale om at Frank Willy Djuvik (Frp) skulle bli kommunens representant i styret til Sunnfjord Energi.
  • Det skulle likevel vise seg at sitjande styremedlem, ordførar Nils Gjerland (Sp), stilte til attval til styret – og vart valt på kostnad av Djuvik.


På forsiden nå


...

Fare for storflaum

Nyhende Mange elvar på Vestlandet er veldig store no. Slår veret til, kan vi ha ein 50-årsflaum i vente, åtvarer NVE. Les meir

Dagens AvSTEMMING

Bør fylkeskommunen halde fram med Hordalandsavtalen?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1286

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.