Mista lappen etter burning

Ein mann i 20-åra vart fotgjengar etter leik med bil rett framfor auga på politiet fredag ettermiddag.

Publisert 16.05.2008 kl 19:44 Oppdatert 16.05.2008 kl 19:44

Tips ein venn på e-post:

...
Illustrasjonsfoto Foto: Arne Stubhaug

– Politiet såg med sjølvsyn mannen burne med bil på parkeringsplassen til Coop Extra, og førarkortet vart kverrsett, opplyser operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Og førdianaren var ikkje den einaste som måtte ta beina fatt.

Kvinne med ugyldig førarkort

På riksveg 5 i Brandsøy i Flora vart ei 20 år gammal kvinne stogga av Statens vegvesen i ein kontroll klokka 18.40.

– Kvinna hadde førarkort, men det viste seg at ho ikkje hadde gjennomført den påkravde mørkekøyringa. Førarkortet var dermed ugyldig, opplyser operasjonsleiaren.

Etter som det har gått lang tid sidan fristen for mørkekøyring gjekk ut, må kvinna truleg ta førarkort på nytt.

Kollisjon i Førde

Eit par av dei involverte personane klaga over smerter i nakke og rygg, etter at ein bil vart påkøyrd bakfrå i Førde fredag kveld.

Ulykka skjedde i ved avkøyringa til Slåttebakkane på E39 i Halbrendslia. Politiet fekk melding om ulykka klokka 1825.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.