...
FJØSDATA: Her er dataarbeidsplassen til Anne Viken når ho er heime i Gaular. Foto: Anne Viken

Blogga frå fjøsen - fekk svar hjå statsråden

Anne Viken må sitje i fjøsen og blogge på internett, fordi leverandøren ikkje kan levere breiband fram til våningshuset. Ho oppmoda fornyingsministeren om å bytte med henne – og no har ho fått svar.

Arild Nybø E-post
Publisert 13.05.2008 kl 16:28 Oppdatert 16.05.2008 kl 16:39

Tips ein venn på e-post:

...
PÅ NETT: Kyrne i Hjelmeland-Fauske Samdrift i Viksdalen har suveren breibandstilkopling. Foto: Anne Viken
...
Journalist og bloggar Anne Viken utfordra Regjeringa i Firda-bloggen... Foto: Arkiv
...
Heidi Grande Røys Foto: Ivar Longvastøl

Journalist og Firda-bloggar Anne Viken skriv i bloggen at ho er avhengig av å sitje i kyrafjøsen, fordi teleleveradøren ikkje kan levere breiband av god nok kvalitet fram til våningshuset.

– Vi skal visstnok få internett som duger i huset til sommaren, men det er mange timar i fjøsen til den tid. Kva er dette slags distriktspolitikk?? For kort linje, spør Viken, og spør om ein av statsrådane vil kome og byte kontor med henne.


Kaldt og rauting

– Her er kaldt, eg høyrer kyr raute og melketanken surre. Greit nok, eg har termos på kaffe og det er koselig med kyr som snuser på vindu, men eg hadde unektelig satt pris på å sitte ein litt anna stad. Det er ganske drøyt at ein må sitte i ein fjøs å jobbe når ein reiser heim til Vestlandet for å jobbe nokre månader. Vil du byte kontor med meg, Heidi Grande Røys, spør Anne Viken.

Les bloggen her.


Statsråden vil hjelpe

Og fornyingsminister Heidi Grande Røys har teke utfordringa. Ikkje med å byte kontor, men med å svare på bloggen:

– Nei, eg vil nok ikkje bytte kontor med deg, men eg gjer kva eg kan for å hjelpe deg! Regjeringa sette seg ambisiøse mål då den tiltredde i 2005: Alle husstandar i landet skal ha tilbod om breiband. Difor har vi løyvd rekordstore summar til breibandsutbygging. Frå 2006 til 2008 har vi løyvd 684 millionar kroner til breiband, og desse har, saman med lokal og regional løyvingar, medvirka til at det har vorte etablert ca. 96 000 nye breibandslinjer i Noreg, skriv Grande Røys. Men ho er ikkje nøgd før alle har eit tilbod om breiband:

– Difor har vi (regjeringa) sett av 190 millionar på årets budsjett som vil gi ytterlegare utbygging i år og i 2009. Sogn og Fjordane har fått nær 9,8 mill av desse midlane no i vår. Sogn og Fjordane har òg ein fantastisk breibandsorganisasjon som
eg veit er dei beste til å få flest mogleg aksessar av pengane!


Kjem med råd

I tillegg kjem statsråden med konkrete råd til bloggar Viken:

– Om eg forstår deg rett får du breiband heime til sommaren. I mellomtida vil eg, som andre bloggarar her, rå deg til å freiste mobilt breiband frå til dømes ICE, Telenor eller Netcom. Ein anna moglegheit – om fjøsen ikkje ligg så langt frå staden der du helst vil ha kontor (maks er typisk nokre hundre meter avhengig av omgjevnadene) – kan vere å setje opp eit såkalla trådlaust aksesspunkt i fjøsen slik at du òg kan nytte det sambandet du har heime. Dette kan gjerast enkelt og rimeleg med utstyr som kan kjøpast hos ein vanleg data- eller elektronikkforhandlar.


Godt tilbod til kyrne

Avslutningsvis skriv minister Grande Røys i ein spøkefull kommentar at ho er imponert over tilbodet til kyrne i Gaular:

– Snakk om å vere i takt med tida! Eige breiband, da gitt..

Les heile blogginnlegget og svaret frå Heidi Grande Røys i Firda-bloggen
- der kan du også følgje debatten og bidra med eigne meiningar.


Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.