– Dette er vandalisering av Førde sitt tuntre, rasar Martin Schei og Anne Cathrine Neslein.
A1 avslutta konsertane under Veka 2010 med å spele to gonger for fullt hus.
Sjå biletserie
Video_import Sjå videoen der Halvard Huus kastar kokande vatn opp i lufta, og vips har han laga sin eigen snø. Video: Runar Sandnes
Les meir| Sissel Iren Skjerdal | |
| Publisert 28.03.2008 kl 20:51 Oppdatert 29.03.2008 kl 14:18 |
Torsdag vart det friskaste treet i alleen i Kirkevegen stygt skamfert av uteseksjonen til Førde kommune.
– Her har Førde kommune gjort ei gedigen blemme, seier Anne Cathrine Neslein irritert. Ho meiner at det som har skjedd med treet no er ein skandale.
– Dette er tuntreet i gamle Førde, og er eit av dei finaste trea som er i alleen. No ser det ut som ein totempæl, rasar Neslein. Ho er ekstra sint fordi ho aldri har sett at det har vore gjort noko vedlikehald på treet.
– Det burde ha gått an å tynna treet i staden for å fjerne heile treet, seier Neslein.
Misforståing
Det var ei misforståing mellom skogetaten og uteetaten i Førde kommune som førte til at den 300 år gamle eika nesten vart hogd ned.
Martin Scheie bur i nabolaget, og sykla tilfeldigvis forbi arbeidskarane då dei var i ferd med å gjere kort prosess med den gamle eika.
– Hogstmennene hadde fått beskjed om at treet skulle fjernast sidan det var rote. Eg skjøna med ein gong at dette måtte vere ein feil, sidan treet openbert er heilt friskt. Difor sa eg til hogstmennene at dei måtte stagge arbeidet, fortel Scheie. Han kontakta deretter kommunen for å få stoppa fellinga av eika. Dette gjorde at restane av eika vart berga.
Følgde berre instruksar
– Vi kappa greinene slik fordi vi hadde fått beskjed om at treet skulle fellast, seier Jan Tore Gravdal i Gravdal skogservice. Firmaet var innleigd av kommunen for å fjerne treet i alléen.
– Vi freista å få vekk dei største greinene på raskast mogeleg måte, slik at det skulle verte billegare for kommunen, seier Gravdal. Han fortel at dei ville ha skore treet på ein heilt annan måte dersom dei hadde fått beskjed om at treet skulle verte ståande.
– Tryggleik må vege tyngst
Dagleg leiar ved Kyrkjebakken barnehage, Sveinung Nordtveit, synest det er bra at greinene frå eika ikkje lenger kan falle i hovudet på barnehageborna.
– Vi har fleire gonger opplevd at tunge greiner har falle ned på barnehagen sitt område etter storm. Desse greinene kunne ha gjort uboteleg skade om dei fall ned på dagtid, forklarer Nordtveit. Han hadde difor ingen innvendingar då det dukka opp folk frå kommunen for å fjerne trea.
Feil tre
Skogbrukssjefen i Førde, Magnus Mo, avviser at han har stempla den aktuelle eika som rota.
– Eg har aldri sagt at den eika er rota. Dei andre trea i alleen har vi teke boreprøver av, og dei fleste av desse er rotne. Men akkurat denne eika vart det ikkje bora i, nettopp av di den ikkje er rota, seier Mo. Han seier seg lei for det som har skjedd. Difor er det innleigde firmaet no sett til å pynte på snittflatene der greinene er kappa av.
– Eika vert ikkje så mykje penare av dette, men håpet er at det skal vekse ut att greiner med tida, seier Mo. Dette vil likevel ta tid.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt