Høgskulane i Vest går saman - vil unngå samanslåing

Høgskulen i Sogn og Fjordane skal leggje hovuda i bløyt saman med dei to store i Bergen, og den mindre høgskulen i sør. Eit nettverk mellom skulane skal gjere Steinar Stjernø sin draum og storuniversitet til skamme.

Publisert 08.02.2008 kl 14:37 Oppdatert 08.02.2008 kl 14:38

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Arne Stubhaug
...
TRUR PÅ SAMARBEID: HSF-rektor Åse Løkeland trur nettverk mellom skulane er ei betre løysing enn samanslåing. Foto: Harald Bratland Carlsen

HSF har inngått forpliktande samarbeid med Høgskolen i Bergen, Universitetet i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund.

Rektorane

Samarbeidet som får namnet Universitets- og høgskulenettet på Vestlandet (UH-nett Vest) er alt etablert med styre, administrasjon og budsjett, og styreleiar er rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

Dei andre medlemmene av styret er rektorane ved dei respektive institusjonane.

Sekretariatet er lagt til Universitetet i Bergen, og det er tilsett administrativ koordinator i heil stilling.

Samarbeidet som no er i ferd med å komme på plass, er ein av fire modellar som rapporten til det omstridde Stjernø-utvalet for høgare utdanning har skissert.

Utan Møre

HSF-rektor Åse Løkeland avviser derimot at ein freistar å komme utvalet i forkjøpet, men legg ikkje skjul på at ein ønskjer å bevise at høgskulane har livets rett kvar for seg.

– Dette samarbeidet har vore under planlegging parallelt med Stjernø-utvalet sitt arbeid. Det starta opp hausten 2006 og gjekk då under nemninga Vestlandssamarbeidet. Det oppsto som ein følgje av at ein del av institusjonane i Vestnorsk Nettverk, som går frå Rogaland til Møre og Romsdal, ønskte å få meir kraft inn i arbeidet, seier rektoren til HSF si nettside.

No er likevel Møre og Romsdal ute av dansen.

– Det var fleire som såg at konkret samarbeid over eit så vidstrakt område som Vestnorsk Nettverk representerer, var vanskeleg å få til, seier Løkeland.

Skal motbevise

Stjernø-utvalet ser helst føre seg eit stort regionuniversitet i staden for nettverket som no blir etablert.

– Dette er det no opp til oss å gjere til skamme, seier Løkeland.

Forgjengaren hennar, Johs Thaule, er plukka ut til å vere pådrivar for UH-nettet internt i HSF.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.