Ber fylkesmannen vurdere idrettshallpengar

Har Flora kommune brote lova med si rause pengestøtte til Florø Idrettssenter?

Publisert 08.02.2008 kl 10:51 Oppdatert 08.02.2008 kl 10:51

Tips ein venn på e-post:

...
LOVLEG? Bente Nilsen Halvorsen, (SV), Eisabeth Norman (V og Audun Hammerseth (Frp) ber Fylemsmenn vurdere lovlegskapen av kommunen si pengestøtte til Florø idrettssenter. Foto: Knut Magnussen / Arne Stubhaug
...
HAR KOSTA: Storhall-prosjektet og idrettssenteret i Florø har fått millionar frå kommunen. Men var overføringane lovlege? Foto: Knut Magnussen

Framstegspartiet, Venstre og SV i Flora ber Fylkesmannen vurdere lovlegskapen av at bystyrefleirtalet vil betale renter og avdrag på eit lån til den nye idrettshallen i byen. I tillegg løyvde bystyret fem millionar i støtte til Florø idrettssenter.

Desse pengane er ein del av eit ekstra kraftaksjeutbytte på ni millionar frå SFE.

Omgjekk lova?

Dei tre partia er sterkt imot denne pengebruken, som dei også meiner er ei omgåing av lovverket. Dei ber fylkesmannen vurdere om lånet må vurderast som tilskot, i strid med kommunelova og lov om offentlege innkjøp, viss kommunen skal betale både renter og avdrag på lånet dei har ytt til idrettshallen.

Etter kommunelova kan ikkje ein kommune gje lånte midler som tilskot til private verksemder, og viss Flora kommune har ytt samla direkte tilskot på 15 millionar til storhallen, vil meir enn halvparten av finansieringa har skjedd med direkte offentleg tilskot. Dette kan dermed også vere ei omgåing av lova om offentleg innkjøp, meiner dei tre partia.

15 millionar kroner

Brevet til Fylkesmannen, er underteikna av Bente Halvorsen, SV, Audun Hammerseth, Framstegspartiet og Elisabeth Norman frå Venstre, som også er varaordførar i kommunen.

Dei viser til den økonomiske situasjonen i Flora, og ber om at kravet om lovlegheitskontrol får oppsetjande verknad, fordi «fem millionar i tilskot og ti millionar som rentefritt lån ikkje er uvesentlege midlar, i den økonomisk situasjonen som Flora kommune er oppe i».

Storhallen i Florø vart realisert blant anna ved hjelp av ei pengegåve frå Trond Mohn.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.