For sjuande gong er Oddvar Torsheim med som einaste norske kunstnar på Corner-utstillinga i Danmark.
Laurdag opna utstillinga Corner på idylliske Sophienholm nokre få mil nord for København. Corner er ei massemønstring av rundt 40 kunstnarar, dei aller fleste danske.
Oddvar Torsheim har denne gongen med ni bilete, alle i same teknikk, det vi kan kalle akvarellteikningar.
-Oddvar Torsheim er høgt elska av det danske publikummet, seier Kjeld Heltoft, som sjølv er kunstmålar med bilete på Corner.
-Oddvar Torsheim er ein kunstnar i stadig utvikling, seier Heltoft.
-Denne gongen kjem han med noko nytt. Teikningane er følsame og spennande, dei har islett av heraldikk i seg. Vi er stolte av å ha Oddvar Torsheim som medlem og utstillar i Corner. Han er svært populær her. Torsheim står ikkje i stampe, han er ikkje den som finn ein tone og deretter speler den same melodien resten av livet, seier Heltoft.