Ambulansefolk nede i éi utrykking i veka

Arbeidsmiljølovas krav fører til nye millionutgifter, når Helse Førde må bemanne opp ambulansestasjonane sine. Men pengane går til passiv venting.

Publisert 19.12.2007 kl 10:29 Oppdatert 19.12.2007 kl 13:17

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Arne Stubhaug
...
UROA: Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde. Foto: Arne Stubhaug

Nokre stader i fylket har personellet ikkje meir enn ei utrykking på ei heil veke.

Dette kom fram då klinikkdirektør Terje Olav Øen onsdag føremiddag orienterte styret om ein venta kostnadsauke på kanskje over 13 mill. kroner, og som i stor mon vil handle om å dekkje opp passiv beredskap.

Einskilde stader, som i Selje, er utrykkingsaktiviteten nede i 390 timar per tilsett, noko som svarar til ein time per dag heile året.


Fagdirektøren skeptisk


Fagdirektør Hans Johan Breidablik sa under møtet at han er sterkt i tvil om om den oppbygginga av ambulansetenesta det handlar om, er ei fagleg styrking.

-Her blir det fleire som sit uverksame i akuttberedskap, sa Breidablik.

Styremedlemene Knut Cotta Schönberg og Kjell Opseth, meinte begge ein måtte finne måtar som gjer at ein kan utnytte personellet betre.

Bolstad: Desentralisering


Både tilsetterepresentant Rune Larsen og Helse Førdes adm.dir. Jon Bolstad var opptekne av at ein framleis må behalde primæreiningane i ambulansetenesta langt ute i distrikta.

-Dette har også med folks oppleving av tryggleik å gjere, sa Bolstad.

Klinikkdirektør Øen orienterte styret om dialogmøte som har vore haldne med Aurland og Selje, og sa han er positivt overraska over viljen desse kommunane viser til å diskutere alternative løysingar.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.