Trugar med Arbeidstilsynet viss ikkje skulen blir pussa opp

Lærarar og elevar ved Flora vidaregåande er i harnisk etter at dei fekk melding om at den budsjetterte utvidinga og rehabiliteringa er skyvd ut til 2015.

Publisert 23.11.2007 kl 16:06 Oppdatert 23.11.2007 kl 16:06

Tips ein venn på e-post:

...
SKUFFA OG FORBANNA: Lærarane ved Flora vidaregåande skule vart fredag orienterte om at skulen ikkje får pengar til rehabilitering. Foto: Arne Stubhaug

Det var ei samling sinte og frustrerte tilsette og elevar som møtte fylkesrådmannens utsende på eit informasjonsmøte på Flora vidaregåande fredag.

Heilt til måndag denne veka har dei levd i trua på at skulen skal få sårt tiltrengt nybygg og betre inneklima i dei gamle bygga.

– Vi var veldig overraska då rektor informerte oss måndag. Vi har jo gjort alt klart til at arbeidet skulle ta til i haust. Blant anna har vi omdisponert rom, seier Bente Wøien, som er medlem i Utdanningsforbundet sin lokale klubb.

No kan Arbeidsstilsynet bli kopla inn.

– Vi har late vere å kontakte arbeidstilsynet, fordi vi har trudd at tilhøva skulle bli betre. Dersom framlegget frå fylkesadministrasjonen går gjennom, kan vi ikkje sitje stille lenger, sa Wøien under informasjonsmøtet, og hausta applaus frå kollegaene.

Elevrådet ved skulen gjekk denne veka ut i Firda og firda.no og åtvara mot aksjonar dersom ikkje fylkesrådmannen snur. Han vil utsetje oppussinga av skulen til 2015. Rehabiliteringa vil koste mellom 53 og 100 millionar kroner.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.