Reglar for bruk av Firda sine debattforum

Desse reglane gjeld for bruk av Firda sine debattarenaer i alle kanalar.

Publisert 14.11.2007 kl 08:33 Oppdatert 22.11.2010 kl 09:33

Tips ein venn på e-post:

...

Firda hentar inn innlegg til papiravisa via Origo-sona Firda.

I tillegg kan du skrive innlegg som berre er meint for nettet på sona vår Fjordaglimt.

Eigentleg er det berre ein regel alle treng kunne:

Bruk sunn fornuft, og hald deg til normal folkeskikk og innanfor norske lover.

Følgjer du den regelen er du hjarteleg velkomen til å debattere det du måtte ønskje i Firda sine kanalar på papir og internett.

I detalj inneber regelen dette:

  • Innlegg og svar på Firda sine debattarenaer og brukarforum representerer ikkje på nokon måte synet til Firda eller redaksjonen.
  • Alle som skal skrive innlegg eller svar på Firda sine internettkanalar må registrere seg som brukar med ei gyldig e-postadresse eller mobiltelefonnummer. Innlegg til avisa skal signerast med fullt namn.
  • Du er som debattant forplikta til å diskutere saka, og ikkje å diskutere personen som eventuelt har skrive innlegget du vil svare på.
  • Det er ikkje lov å skrive innlegg under falskt namn, men på nokre av internettkanalane er det lov å bruke kallenamn (nick).
  • Skriv mest mogleg sakleg.
  • Innlegg som vert oppfatta som trakasserande, og som krenkjer privatlivets fred, namngjer privatpersonar eller omtalar grupper på bakgrunn av livssyn, nasjonalitet, utsjånad, rase eller privatliv på ein slik måte at dei kan kjenne seg truga eller uthengde, vil ikkje bli aksepterte.
  • Firda tillet ikkje innlegg som bryt med norsk lov ved at dei inneheld tekst, peikar til, eller bilete av noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkjande, rasistisk, trugande, obskønt, pornografisk, eller på andre måtar i strid med norske lover. På internett ver IP-adressa til innsendaren logga, og ved alvorlege overtramp kan tilhøva bli melde.
  • Kvar brukar har eit sjølvstendig strafferettsleg ansvar for innlegget sitt. Andre brukarar kan klage på internettinnlegg dei meiner bryt med desse reglane, anten ved å klikke på "Klag på dette innlegget", eller ved å sende e-post til: internett@firda.no. Redaktøren vurderer om klagen skal takast til følgje. Klage på innlegg i avisa skal sendast til sjefredaktøren.
  • Trolling på internett vert ikkje akseptert. Moderatorane kan definere det som trolling når ein brukar gjentekne gonger prøver å avspore debattar, medvite uroar diskusjonen med unødige spørsmål som har opplagte svar, prøver å setje andre brukarar opp mot kvarandre, og/eller skriv innlegg som utelukkande har til føremål å provosere andre brukarar. Viss moderatorane meiner at ein brukar skadar debattrådane meir enn vedkomande gagnar dei, så er moderator i sin fulle rett til å åtvare brukaren, fjerne rettigheiter og evt. utestenge brukaren. Målet med denne regelen er å verne om debattflyten i forumet og måten fleirtalet av brukarane ønskjer å nytte det på.
  • Firda har til ei kvar tid rett til, også på eige initiativ, å redigere eller fjerne innlegg som redaktøren meiner er i strid med desse retningslinene, eller å stenge ute internettbrukarar som gjentekne gonger bryt desse reglane.

NB! I papiravisa vil redaktøren når det er plassmangel vurdere innlegga ut frå innhald, relevans og aktualitet. Det er såleis ikkje alle innlegg som kjem på trykk. Lange innlegg kan bli korta ned. Men på internett er det plass til alle innlegg, så lenge dei held seg innanfor reglane.

SEND INNLEGG TIL PAPIRAVISA

SKRIV INNLEGG PÅ FJORDAGLIMT

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.