Aftenposten gir Håvard Lothe fire av seks mogelege poeng i si melding av Florø-artistens debutplate.
- En stort anlagt platedebut som viser en artist med talent og godt musikalsk handlag, skriv Afentpostens anmeldar, Svein Andersen, og karakteriserer debutplata som storstilt.
24-årigen frå Florø sleppte si debutplate for kort tid sidan. Plata er spelt inn på hans eksamenskonsert i Florø tidlegare i år. Med seg på scena hadde Lothe eit band på seks, strykeorkester på 11, eit kor og ein korist. Og Aftenpostens anmeldar er ikkje snau i sin karakteristikk:
- Eit dristig prosjekt som imponerer, og som nesten ber seg. Det er ingen ting i vegen med ambisjonaen, og som lyttaroppleving er dt mykje å gripe fatt i og glede seg over. Fine melodiar, mange små velfunderte detaljar, små melodiøse sukkerbitar og nokre sursøte kontrastar, skriv Andersen.