Tre kyr er berga opp frå sjøen på austsida av Atløy i Askvoll kommune.
A1 avslutta konsertane under Veka 2010 med å spele to gonger for fullt hus.
Sjå biletserie
Fredag 26. februar 2010 reiste siste båten frå Kleven Maritime sitt verft på Øyrane. Dei gir opp i Førde.
Sjå biletserie
Her er bileta frå konsertane under Veka tjueti søndag 21. februar.
Sjå biletserie
Årets Bygstadrevy helga 20-21. februar 2010.
Sjå biletserie
Video_import Sjå videoen der Halvard Huus kastar kokande vatn opp i lufta, og vips har han laga sin eigen snø. Video: Runar Sandnes
Les meir| Vidar Gudvangen | |
| Publisert 24.05.2007 kl 09:39 Oppdatert 24.05.2007 kl 14:43 |
- Det ligg tre kyr i sjøen nett nord for ferjekaia i Gjervika. Fleire båtar kjempar nå får å få berga dyra, fortalte drosjesjåfør Inger Lise Saltskår til firda.no mens dyra framleis var langt til sjøs.
Dyra vart først observert av ferja som gjekk til Askvoll i nitida torsdag morgon.
- Dei ringde meg frå ferja og lurte på kven som eigde dyra, fortel Salskår.
Klokka 09.45 låg kyrne framleis i den kalde sjøen. Det vart då gjort forsøk på å berge dyra ved hjelp av ein spesialbåt frå eit oppdrettsannlegg i nærleiken.
Også politiet vart kopla inn i saka.
- Vi har fått melding om nokre kyr som skal ha ramla i sjøen ved Gjervika, og undersøkjer no saka, opplyste operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt til firda.no.
Klokka 10.10 var kyrne omsider komne velberga i land.
- Dei verka nokså rebelske og var sjølvsagt våte, men hadde tydlegvis lyst uti igjen, fortel Aud Elsa Grøneng.
Då dei vart berga var kyrne på god veg mot Askvoll på fastlandet.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt