Laksefjordgrensa flytta til Ålesundet

Det vart full siger for dei som lenge har kjempa for å få grensa for laksefjord flytta frå Flokenes til Ålesundet.

Publisert 26.04.2007 kl 12:56 Oppdatert 26.04.2007 kl 13:50

Tips ein venn på e-post:

...
OPPDRESSANLEGG SLEPP VERN: Kartet viser den opphavelege vernesona heilt ut til Flokenes. Den nye vernegrensa blir trekt ved Ålesundet, aust for eksisterande opprdettsanlegg i området. Foto: Kystatlas.no / firda.no

Torsdag la energi-og miljøkomiteen fram si innstilling i laksefjordsaka. Det er no klart at Førdefjorden blir nasjonal laksefjord, men grensa er flytta frå Flokenes til Ålesundet, ei mil lenger inn i fjorden.

– Dette er vi veldig godt nøgde med, seier saksordførar for saka, Torny Pedersen.

Ho har jobba lenge for å flytte denne grensa, og seier at ho er veldig glad for at ho til slutt fekk gjennomslag for dette.

– No får fire familiar i Flokenes halde fram oppdrettsverksemda si. Dette er viktige arbeidsplassar, og viktig for å hindre fråflytting. Dette vog til slutt tungt i vekstskåla, seier Pedersen.

Då regjeringa for ei tid tilbake la fram sin proposisjon, var grensa lagt ved Flokenes. På grunn av at dette allereie var eit kompromiss mellom regjeringspartia har det vore svært vanskeleg å få endra på det som låg der.

– Derfor er det ekstra gledeleg at vi no har fått flytta denne grensa, seier Pedersen.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.