Øyvind Halleraker i Høgre vil ha eigen strandsonelov for distrikts- Norge som tar høgde for at utbyggingsproblemet i strandsona ikkje er like prekært på Vestlandet som langs Oslofjorden.
| Runa Victoria Engen | |
| Publisert 11.08.2006 kl 13:49 Oppdatert 11.08.2006 kl 13:57 |
- Det er viktig at Oslo kommune ikkje gir løyve til bygging i strandsona, men på vestlandet er utbyggingsgraden langt mindre. Det gir rom for vidare utbygging utan at folks tilgang til havet er i fare, seier Høgres stortingsrepresentant Øyvind Halleraker.
Vil ha differensiert lovgjeving
Halleraker ynskjer seg ein lovgjeving som tar omsyn til at landet er forskjellig.
– Vi treng ei lovendring som skapar rom for at områder der utbygging knapt har vært nemneverdig kan utbyggast, men som samtidig sikrar at ikkje strandsona langs Oslokysten byggast heilt igjen.
Inviterar Bjørnøy
– Dette handlar om å kjenne landet sitt, noko miljøvernministeren heilt klart ikkje gjer. Dersom kommunane på Vestlandet skal straffast for at kommunane rundt Oslofjorden og har hatt byggebonanza vil deet gå ut over arbeidsplassar og lokalsamfunn, slår Halleraker fast.
– Eg vil invitere miljøvernminister Helen Bjørnøy til ei synfaring langs Vestlandskysten for å vise henne korleis kysten vår ser ut.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt