Vil verne Strupen fossefall

- Strupen er den niande høgaste fossen i verda og på lista over verdas vakraste fossefall. Fylkesmannen gir eit klart nei til bygginga av Strupen kraftverk.

Publisert 11.08.2006 kl 13:18 Oppdatert 11.08.2006 kl 14:02

Tips ein venn på e-post:

...
VERNA: Fylkesmannen meiner Strupen fossefall burde vore innlemma i det verna området i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Foto: Privat

Sei DI meining

forum.firda.no kan du seie meininga di om denne og andre saker.


- Strupen er den niande høgaste fossen i verda. Hadde dette vore klart då Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta ville fossen truleg vore med i fredinga, heiter det i fylkesmannen sitt avslag på konsesjon til den planlagde utbygginga av Strupen kraftverk i Gloppen kommune.

Foreslår turistmål

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal foreslår jamvel at grunneigarane utnyttar fossen som ein turistattraksjon i staden.

- Det er få som nyt godt av det økonomiske utbytte frå småskala kraftutbygging i forhold til dei mange som må forholde seg til vassdraget og interesser knytt til dette elles når det gjeld turisme.

Dermed blir rådet frå fylkesmannen at det ikkje blir gitt konsesjon til bygging av Strupen kraftverk.

- Ikkje på lista

- Eg er litt forundra over at Fylkesmannen så ukritisk brukar turlaget sin argumentasjon og påstandar utan at han, slik eg les det, gjer sine eigne, seier Per Jarle Myklebust til NRK. Han er talsmann for dei ni grunneigarane som tener på bygginga.

- Eg synest han skal lytte til grunneigarane og. Myklebust legg ikkje mykje i rangeringa av fossen og seier til NRK at den ikkje eksisterer på nokon offisiell liste.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.