Torsdag kveld vann Førde-jentene Merete Tollefsen (24) og Lene Knapstad (24) den norske finalen i prosedyre for jusstudentar.
– Kjempemoro. Det var utruleg artig å vinne. Vi gliste breitt, seier Merete Tollefsen tidleg fredag morgon.
– Dommarane sa det var ein jamn konkurranse, men at det til slutt vippa i vår favør. Og det er vi sjølvsagt veldig glade for, seier Merete og Lene.
Dei var det første reine kvinnelaget som kom til finalen nokon gong. I finalen møtte dei to gutar frå Universitetet i Oslo.
– No går vi vidare til den Nordeuropeiske finalen i mars. Den skal vere i Vilnius i Litauen. Der skal vi til saman vere 12 lag frå heile Nord-Europa. Det blir spennande, seier Merete og Lene.
Oppgåva i den Nordeuropeiske finalen er den same som den dei hadde torsdag.
– Det er fint at vi slepp å begynne heilt på nytt med ei ny oppgåve. Men vi har nok ein del arbeid med å finpusse prosedyren fram til mars, seier Merete.
– Vi gler oss til å vere med vidare. Vi prosederte på engelsk i torsdag også, men det er klart at språk kan vere ei utfordring. Men det er det truleg for dei andre også, seier Merete og Lene.