Oppfølgjaren til suksesskokeboka er klar

Ho er flott å sjå på, har delikate bilete og nær 450 oppskrifter frå fjordafylket. «Alle tiders fjordamat» hamnar truleg under mange juletre i år.
Ingunn Osland
Ingunn Osland Profil E-post
Publisert 08.11.2002 kl 12:25 Oppdatert 17.11.2002 kl 18:07

Tips ein venn på e-post:


Torsdag lanserte Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal si nye bok, «Alle tiders fjordamat» på Lillingstonheimen i Fjaler.

Det vart servert full middag til gjestene i ei av dei gamle stovene på Lillingstonheimen.

– Mange av bileta til boka er tekne her, og vi synst dette er dei rette omgjevnadene for denne boka, seier Torkjell Djupedal i Selja Forlag som gir ut boka.

Dette er oppfølgjaren til suksessboka «Fjordamat» som kom ut i 1999. Den er trykt i fire opplag, til saman 13 800 bøker.

– Om vi klarar å gjenta den suksessen vil vise seg, men etter mi meining er denne boka endå betre, seier Torkjell Djupedal.

Alle tiders
Tittelen «Alle tiders fjordamat» har dobbel tyding. Ikkje berre seier den noko om at fjordamaten er alle tiders, den seier også noko om korleis boka er oppbygd.

– Vi har valt ein ny innfallsvinkel. Boka er delt inn etter høgtider og merkedagar i året, seier Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal som er forfattarar av boka.

Både merkedagar på primstaven og tradisjonelle høgtider og høgtider i livet er tekne med, og forslag til menyar er sett opp til desse merkedagane.

– Vi har med litt historie rundt kvar merkedag, fortel litt om kva den historisk har vore, og kva den er i dag, seier Åse Kongsvik.

Ho har hatt hovudansvaret for dette arbeidet. Leiar i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag, Hildegunn Huus, karakteriserer denne boka som både ei kulturbok og ei kokebok. Bondekvinnelaget er med som utgivarar i boka, og organisasjonen har saman med andre organisasjonar vore aktive i å samle inn oppskrifter til boka.

Frå alle kommunar
Boka har til saman 434 oppskrifter og 250 foto frå heile fylket. Oskar Andsersen har vore fotograf, og har saman med Kari reist rundt i heile fylket og fotografert.

– Absolutt alle kommunar her i fylket har fått med oppskrifter i boka, seier Kari.

Ho er stolt av bokverket, men torer knapt å håpe på like stor suksess som dei hadde med første boka.

– Eg føler at dette er ei betre bok. Den er betre gjennomarbeida, og måten den er oppbygd på og den historiske innfallsvinkelen gjer den etter mi meining endå betre enn den første, seier Kari.
No gjenstår å sjå om boka vert ein like stor suksess som den første. Denne er trykt i 6000 eksemplar. Det var også førsteopplaget til «Fjordamat».

– «Fjordamat» kom også ut i november. Til jul var alle dei 6000 bøkene utselt, seier Torkjell Djupedal håpefullt.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.