Førde-taggarane tekne

Fredag ettermiddag vart to unge menn pågripe av politiet i Førde. Begge er no sikta for tagging blant anna på bedehuset i Førde.
Publisert 10.11.2002 kl 21:19 Oppdatert 17.11.2002 kl 17:44

Tips ein venn på e-post:


– To 20-åringar frå Førde har vedkjent seg å stå bak tagging på tre bygningar i Førde sentrum. Begge vart arrestert fredag ettermiddag i Førde og er no sikta i saka, seier politibetjent Jan Egil Tvinde.

Styggedom
Det var for to veker sidan at fleire bygningar i Førde sentrum vart funne tilgrisa med spraymåling. Blant desse var Bedehuset der det var skrive tekst som kunne adresserast som eit angrep på kristenfolkets haldningar til homofili.

– Eg er klar over at det er folk som ser Bedehuset som styggedom, men tagging er noko som vi ikkje har vore plaga med tidlegare sa leiar i Førde Normisjon, Kåre Vølstad til Firda 22. oktober.

Mange tips
Politiet hadde då få spor å gå etter og inviterte publikum til å komme med tips. Det gav resultat.

– Denne saka er løyst ved hjelp av godt politiarbeid der mange små tips er blitt brikker som til sist gav oss eit bilete, seier Tvinde.
Dei sikta har tilstått forhold til tagging på Bedehuset, Rødekors-bygget og Førde Torg. Gjerningsmennene har avkrefta at det ligg noko politisk eller religiøst motiv bak tekstane på bedehuset.

– Der var ein eigna vegg til å skrive på. Det er heile forklaringa, fortel Tvinde.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.