Gulen-vindmøller kan ta knekken på havørna

Den planlagde vindmølleparken på Setenesfjellet i Gulen kan representere ein fare for hekkande havørn i området.

Publisert 11.04.2005 kl 15:16 Oppdatert 12.04.2005 kl 09:17

Tips ein venn på e-post:

...
havørn på kysten

Det fryktar mellom anna miljøvernavdelinga til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.



Kan kome inn i anlegget


-Det er etter vårt syn ikkje nok å kartleggje kjende hekkeplassar og trekkruter innafor planområdet. Tilstøytande område må også takast med i kartlegging og konsekvensutgreiing, seier Tore Larsen. Han er førstekonsulent ved miljøvernavdelinga til fylkesmannen.

Larsen peiker på at det er ein hekkeplass for havørn like nord for planområdet ved Setenesfjellet. Dette erein fugl som er på lista over truga arter.

-Store rovfuglar nyttar oppdrift langs fjellveggene i området til å stige til søkehøgd på leiting etter byttedyr. Oppdrifta langs Setenesfjellet gjer at desse fuglane regelmessig vil kunne komme inn i den planlagde vindmølleparken, seier han.

Larsen trur det er ein reell fare for at denne truga fuglearten då kan gli inn i slagområdet til mølleblada, med det resultat at ørna vert drepen.

Gulen minst undersøkt


-Det kan i yttarste konsekvens skje, sjølv om kan hende sjansane er små. Vi vil uansett at dei innspela vi kjem med vert tekne inn i konsekvensutgreiingane, seier Larsen.

Han seier elles at den planlagde vindmølleparken ikkje ligg innafor kjende trekkruter eller hekkeområde for andre truga fugleartar.

Men i sine merknader til planarbeidet uttalar miljøvernavdelinga at Gulen er mellom dei kommunane i Sogn og Fjordane som har vore minst undersøkt med omsyn til flora, fauna og naturmiljø generelt. Difor indikerer dei at feltarbeid i mange samanhengar vil verte naudsynt.

Les meir i papirutgåva av Firda tysdag:

FORSKAR: - Rovdyr er svært utsett

FYLKESMANNEN: - Eventuelle inngrep kan ikkje rettast opp

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.