Holmedøling gir ut «Brannspillet»

I det nye brettspelet «Brannspillet» møter cupfinaleheltane frå 2004 gullaget frå 1963. Bak spelet står holmedølingen Halvard Lunde, som berre har vore på Brann Stadion ein gong i heile sitt liv.

Publisert 14.02.2005 kl 09:43 Oppdatert 14.02.2005 kl 09:51

Tips ein venn på e-post:

...
FAMILIEVENNLEG SPEL: Brannspillet er eit nytt og fengslande spel, som det tek kort tid å setje seg inn i. Det passar også for dei som ikkje er interesserte i fotball, reklamerer opphavsmann Halvard Lunde. Foto: Marianne Olset

Saman med kameraten Frode Weum har Halvard Lunde starta selskapet Spilte Sjanser. Firmaet sitt første produkt er «Brannspillet», eit brettspel for to personar frå ti år og oppover. Ideen til spelet kom på ei seinvakt då dei to kjeda seg.

-Vi sulla med ideen om spelet ganske lenge. Etter kvart blei det svært tidkrevjande. Vi har designa det meste sjølv, og vi har til og med klistra på merka på brikkene for hand, fortel Lunde.

Treng ikkje fotballkunnskap

Spelet går ut på at cupheltane frå i fjor møter serieheltane frå 1963. Kvar spelarbrikke har personlege spelekort med eit utval eigenskapar. Kombinasjonen terningkast, individuelle ferdigheiter hos fotballspelarane og strategiske val hos brettspelaren, avgjer gangen i spelet. Ein må altså ikkje vere flink i fotball for å gjere det godt i Brannspillet.

-Den einaste fotballerfaringa eg sjølv har, er to treningar med Holmedal tidleg på 80-talet, fortel Lunde med eit smil.

Sjølv om han har budd mange år i Bergen, har han berre vore éin gong på Brann Stadion.

-Eg likar eigentleg ikkje fotball, men etter at vi har jobba med dette spelet, har eg begynt å skjøne litt, seier han.

Kompanjong Frode Weum er derimot Brann-fanatikar.

Godkjent av Hanstveit

Karakterane til Brann-spelarane er henta frå spelarbørsen etter cupfinalen i fjor.

-Vi har justert spelarane litt i forhold til kvarandre, slik at spelet fungerer. Brannspelaren Erlend Hanstveit har gått over og vurdert karakterane. Vi har prøvd å vere sånn noko lunde rettferdige overfor spelarane, legg Lunde til.

Verre vart det då Lunde og Weum skulle karaktersette Brann-laget frå 1963.

-Når vi spør folk om kva kvalitetar dei forskjellige spelarane hadde, var dei sjølvsagt utruleg gode i alt. Dei er jo legender, smiler Lunde.

For heile familien

Lunde meiner Brannspillet passar heile familien.

-Bestefar hugsar Kniksen og co, dei unge hugsar fjorårets cupfinale. Dermed skulle den gode familie-feelingen vere der, seier Lunde med eit smil.

Han er sjølv godt nøgd med Brannspillet, men han reknar ikkje med å bli rik på det.

-Dersom vi er heldige, får vi dekt utgiftene vi har hatt. Likevel går det jo an å håpe at fleire klubbar skal få auga opp for spelet, slik at vi kan tilpasse det til både norske og utanlandske fotballag, seier Lunde.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.