Dei store rovdyrskadane i fylket held fram

Totalt i fylket er det i år utbetalt over 1,1 millionar kroner i erstatning for sau, lam og geit drepne av freda rovvilt. Dette viser tal frå miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

Publisert 23.12.2004 kl 13:36 Oppdatert 23.12.2004 kl 13:47

Tips ein venn på e-post:


Rovdyrskadane i Sogn og Fjordane har stabilisert seg med årlege utbetalingar på i overkant av ein million kroner Luster er i år den «store rovdyrkommunen», og står åleine for 60 prosent av erstatningsutbetalingane.

Jerven er verst

Totalt i fylket er det i år utbetalt 1135136 kroner i erstatning for sau, lam og geit drepne av freda rovvilt. I fjor vart det utbetalt til saman 1022903 kroner.

Jerven er, som vanleg dei siste åra, den som gjer størst innhogg i husdyrflokkane.

Det er ifølgje tala frå Fylkesmannen erstatta 94 sauer og 458 lam grunna jerv, 11 sauer og 87 lam grunna gaupe, 9 sauer og 49 lam grunna kongeørn og 1 sau og 9 lam etter angrep frå uspesifisert freda rovvilt. I tillegg er 9 kje erstatta etter at kongeørn har vore på ferde.

166 kadaver

Statens Naturoppsyn, som har ansvaret for skadedokumentasjonen, har i år registrert eller kontrollert om lag 166 kadaver i Sogn og Fjordane. Tilsvarande tal for 2003 var 138.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.